Tilrår verste tenkjelege alternativ

Statens vegvesen tilrår det trasevalet for nytt Sotrasamband som vil få mest omfattande konsekvensar for Straume: Fire felts bru med tilhøyrande fire felts motorveg frå Knarrevik til Kolltveit.

Dette kom fram på orienteringa Statens vegvesen haldt for kommuneleiinga i Fjell, Sund og Øygarden og andre interesserte i går.

Verken ny tofelts bru eller samband i sør er noko reelt aktuelt alternativ, slik Magnus Natås frå Statens vegvesen la fram saka.

Miljø? Kven sitt miljø?
Som argument for trasevalet nytta han mellom anna miljø: Det er meir skånsamt for nærmiljøet med fire felt enn med to! Tungtvegande i vurderinga hans var omsynet til lyngheiane inn mot Knarrevik, og industristadmiljøet der. Omsynet til bebuarane i rivingstruga bustadar på Straume er ikkje med i vurderinga. Straume vil jo få eit miljølokk – etterpå.

Bebuarane i Drotningsvik vil uansett val av bruløysing verta utsette for omfattande inngrep, medgav Natås.

Svikta av Fjell kommune
Av argumentasjonen kan det verka som om Bergen kommune har gjort ein langt betre jobb i å fremja saka til utsette bebuarar enn det Fjell kommune har gjort på vegne av innbyggjarane på Straume.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.