Prognosemakeri

(Dette innlegget er sendt til BT for publisering. Politisk redaktør Sjur Holsen seier innlegget er interessant, men henviser vidare til debattavdelinga. Der seier dei ja, men så skjer det ingenting…)

Det er kostbart å planleggja feil. Likevel er det tilsynelatande ingen som stiller spørjeteikn ved dei stadig meir ekspansive prognosane for folketalsvekst i Bergensområdet. At framskrivinga av folketalet har blitt jekka opp i takt med utbyggjarane og planleggjarane sine marknadsplanar, har visst gått hus forbi.

Gunnar Wiederstrøm, tidlegare BT-journalist, no konsulent i areal- og reguleringsplanutviklingsselskapet Opus, gav i ein kronikk i BT 3. mars uttrykk for uro over kva uheldige konsekvensar manglande planlegging av nye bustadar i Bergensregionen kan få.

Gjorde berre jobben sin
I konsulentrolla si er Wiederstrøm betalt for å utvikla og sikra gjennomslag for argument som kan auka arbeidsgjevaren sitt sal av tenester for kommunal og regional planlegging. I sin forrige periode som Opus-konsulent var han med på å utvikla ein prognose som tilseier ein veldig vekst i folketalet dei neste 20 åra. 22. September 2010 presenterte han prognosen offentleg,  på eit møte om by og bustadutvikling i regi av Bergen Næringsråd. Deltakarane på møtet var hovudsakeleg representantar for ei av Opus sine primære kundegrupper – større og mindre utbyggingselskap i Bergensområdet. Wiederstrøm gav publikum det dei kom for å høyra: Argument for kvifor dei dåverande, offisielle vekstprognosane var feil. Heilt borti natta feil. Som på alle sekteriske møte, vart det også denne kvelden åtvara på det sterkaste mot motarbeidande krefter: Ruth Grung, Wiederstøm si tidlegar kone, malte Hordaland fylkeskommune på veggen i all sin påståtte udugelegheit. Sidan då har det vore sjefsbyte 14. etasje i fylkesbygget.

Rollebyte
At prognosen no vert presentert på nytt, og det av ein person som dei siste åra med misunnelsesverdig lettbeinthet har hoppa fram og tilbake mellom rolla som BT-journalist og konsulent, bør få alarmklokkene til å kima. Sett utanfrå kan det verka som om Opus-konsulenten har nytta opphaldet i BT-redaksjonen til å gjera konsulentselskapet si forståing av vekstbehovet politisk korrekt.

I kronikken spinn han vidare på ei redaksjonell sak i BT 24. februar: ”Om 17 år er vi 156.000 fleire hordalendingar”. Saka byggjer på eit intervju med Stian Skår Ludvigsen i Hordaland fylkeskommune. Statistikaren har visst påvist feil i det tidlegare arbeidet til den nasjonale Panda-gruppa. Ekspertgruppa har mandat til å rekna ut behovet for arealplanlegging og vekst i framtidig bustadmasse i kommunane. For å understreka usikkerheten om behov såpass langt fram i tid, framstilte gruppa tidlegare arbeidet i scenariene Small, Medium og Large. No er det tydelegvis berre XXL-som duger. Helst med to strekar under svaret, tolkar eg avisa rett.

Arbeidsinnvandring
Wiederstrøm argumenterer for at den langsiktige utviklingstendensen i folketalsveksten vil halda fram. Samstundes legg han ikkje skjul på at mesteparten av veksten i åra framover vil skje i form av arbeidsinnvandring frå utlandet. Den innbyrdes motsetnaden i argumentasjonen bør slå an nok ei alarmklokke. Arbeidsinnvandring i større målestokk frå andre land, har vi i hovudsak berre opplevd dei aller siste åra. Vekstprofetane overser risikoen for at innvandringsstraumen skal tørka inn like plutselig som han oppstod.

Rekordgjeld i hushaldningane
Det er kostbart å bruka feil prognoser, er hovudargumentet til Wiederstrøm.  Det har han heilt rett i. Norske hushaldningar har rekordhøg gjeld, noko som bekymrar både Regjeringa og nasjonale samfunnsøkonomar. Bustadlånet utgjer storparten av gjeldsbyrden. Spørsmålet om eigenkapital ved kjøp av bustad, kontra lånefinansiering til over pipa, er eit heitt stridstema. For å redusera risikoen har regjeringa innført krav om 15 prosent eigenandel. Men både huskjøparar og finansinstitusjonar har gjeve regjeringa mykje pepar for kravet. Kreativiteten når det gjeld å omgå kravet høyres ut til å vera stor, ifølgje media.

Det amerikanske marerittet
Risikoen er tilstade for ein norsk reprise på det amerikanske marerittet om bustadbobla som sprakk.  Hundretusenvis av huseigarar brann brått inne med udekka subprime-lån. Omfanget av krisa var så stort at ho velta store bankar.

For at norske bankar skal vera mest mogeleg motstandsdyktige, i tilfelle det verst tenkelege skulle skje, er dei i tillegg – svært motvillig – blitt pålagte å styrka eigenkapitalen.

Økonomiske terroristar
Storinvestoren Øystein Stray Spetalen gjekk sist veka ut og kritiserte finansinstitusjonane for å terrorisera den internasjonale økonomien. Dei låner ut for mykje, avdi dei kjenner seg trygge på at staten vil gå inn og redda stumpane, dersom risikokalkylane faktisk slår til. Det er finansinstitusjonane som har hovudansvaret for det økonomiske elendet både her i Europa og i USA. Situasjonen den vestlege verda no har hamna i, skuldast langt på veg svake politikarar som bøyer seg for finansnæringa sine krav, argumenterer Spetalen.

Sist det faktisk gjekk gale med den norske bustadmarknaden, var tidleg på 1990-talet. Den regjeringsoppnemnde bankkommisjonen valte den gongen å nulla bankaksjane. Bankaksjar hadde inntil då vore ”sikre som banken”. Brått var dei ingenting verd. Småaksjonærane måtte betala rekninga.

Overforeinkla forklaringsmodell
Bustadbobler, gjeldsvekst i hushaldningane, sannsynligheit for redusert arbeidsinnvandring og manglande eigenkapital i bankane er ikkje fenomen Opus-konsulenten Wiederstrøm har betalt for å argumentera for. Desse sentrale makroøkonomiske faktorane inngår av den grunn ikkje i den enkle forklaringsmodellen hans. Ikkje dermed sagt at dei er uvesentlege i planleggingssamanhang. Vi andre bør difor passa på å minna både han og politikarane våre om risikoen ved å planleggja for grenselaus vekst.

11 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.