Verdilaus ROS-analyse

Trass i at Straume Sjøfront skal byggjast på fylling i sjø, er vurdering av ordinære riskofaktorar forbunde med sjø og nærleiken til sjø så og seia fråverande i ROS-analysen som ligg til grunn for kommunestyret si godkjenning av tiltaket. Som grunnlag for å vurdera tryggleiken for sjøfarande i Straumsundet er ROS-analysen verdilaus.

I henhald til Plan- og bygningslova skal det ved alle store utbyggingar gjennomførast ein vurdering av alle samfunns- og miljømessige konsekvensar av føreslegne tiltak. Det skal også utførast ein risiko- og sårbarhetsanalyse (ROS). Alle risiko- og sårberhetstilhøve som er relevante for området skal vurderast før arealet vert godkjent til utbyggingsføremål.

Ordførar Eli Berland i Fjell gav i ein reportasje i BT om tryggleiken i Straumsundet tidlegare i sommar uttrykk for at tryggleiken vart nøye vurdert då kommunen eigengodkjende utfyllinga i sundet.

Falla i sjøen
Trass i at det vert lagt opp til at bebuarar og publikum skal ferdast på kaikanten, vert ikkje risikoen for at nokon kan falla i sjøen, vurdert i ROS-analysen som Norconsult har utført på vegne av Altus Eiendom.

Båtuhell
Risikoen for uhell for båtar som passerer i Straumsundet vert ikkje teke opp som noko tema. Vurdering av konsekvensane av omlegginga av farleia som følgje av utbygginga vert ikkje vurdert, verken endringa i djubdetilhøva, straumtilhøve eller redusert sikt.

Det vert heller ikkje vurdert kva risiko det vil innebera for båttrafikken at det vert planlagt å fortøya båtar langsmed kaien.

Badestrand
Det vert planlagt ei offentleg badestrand i tilknyting til Sjøfronten. Badestranda er tenkt plassert like ved den noverande naustrekkja. Mogelege konfliktar mellom badande og båttrafikk til og frå nausta vert ikkje nemnd.

Badestranda er plassert på sørsida av fyllinga, i forlengjinga av farleia under Gamle Straumsbru. Når straumen går nord står han rett inn i området der badestranda er tenkt plassert. Fåren for at badende vil verta tekne av straumen er likevel ikkje vurdert.

Trygge – for algar!
Altus Eiendom har henta inn Rådgivende Biologer for å vurdera mogelege endringar i straumtilhøva i sundet. Dei har konkludert med at utbygginga vil auka straumtilhøva i sundet, men at det berre vil vera positivt. Algeoppbløminga vil verta redusert, samstundes er det håp om å kunna redusera sedimenteringa i sundet.

Kva konsekvensar endringane i straumtilhøva kan få for båttrafikken, vert ikkje vurdert.

Tryggleiken for sjøfarande i sundet vert med andre ord ikkje vurdert i analysen.

Stormflo
Stormflo er einaste risikofaktoren relatert til sjø som vert spesifikt omtala i analysen. Her vert det konkludert med at sidan fyllinga og kaianlegga skal planerast ut i ei høgde over havet på tre meter, vil ein kunna unngå materielle skadar som følgje av unormalt høg vasstand.

Tilfeldig og lite relevant
Tiltaka som er vurdert i ROS-analysen for Straume Sjøfront verkar tilfeldig utvalde og lite relevante i høve til at utbygginga skjer i tilknyting til sjø. Det analysen ikkje omtalar er i vel så relevant for tryggleiken, som dei uønska hendingane som vert vurderte.

Offentlege kostnadar
ROS-analysen skyv merksemda for tryggleiken vekk frå tilhøve som utbyggjar har ansvaret for og over på Fjell kommune. Dei uønska hendingane som analysen vurderer som sannsynlege, er knytta til omkringliggjande tilhøve og ikkje relatert til tryggleiken for sjøfrande:  Å utvida  gamlevegen Straume – Bildøy og heva Gamle Straumsbru til dømes vil kosta Fjell kommune store summar å utføra.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.