Godt år for Tunnelsyn

Det er behov for ei alternativ informasjonskjelde om det som skjer på Sotra, viser besøkstala på Tunnelsyn. Bloggen femdobla talet på oppslag i året som gjekk.

Tunnelsyn har spesialisert seg på å gå i djupna på utvalde samfunnsaktuelle tema i tilknyting til Straume, Sotra og i Bergensområdet. Trusselen om nedlegging av seks barneskular, fyllinga i Straumsundet og trasevalet for nytt sekundærvegnett på Straume i tilknyting til det nye Sotrasambandet, var saker som fenga mest.

Bloggen har gjerne ei anna vinkling og går meir i djupna enn lokalavisa Vestnytt, samstundes som han ber sterkare preg av kommentarar og analyse.

Takk til Facebook
Mest leste einskildsaka i året som gjekk var ”Pengeflytting i kommunestyret”.

Tunnelsyn vert ikkje berre lest, bloggen vert også referert. Når det er saker som fengjer, er det gledeleg mange som vel å legga ut lenkje til saka på sine eigne Facebook-sider.

Takk til alle saman! Slik tilbakemelding er ei stor oppmuntring til å halda fram det gode arbeidet i året vi akkurat har starta på.

Fleire kommenterer
For meg som redaktør er det mest gledeleg å registrera lesarane sin aukande interesse for å kommentera innlegga. Bloggen vart starta som eit diskusjonsforum, men tilbakemeldingane tyder på at kravet om fullt namn på dei som kommenterer har vore eit stengsel. No som regionavisa BT også har innført krav om namn, er det von om at fleire vil våga seg utpå den digitale diskusjonsarenaen.

Internasjonal
Sotrastrilen er eit internasjonalt folkeferd. Reisevanane viser att på besøksstatistikken, der heile 20 land i fem verdsdelar er representerte. Fleirtalet kjem sjølvsagt frå Norge, men overraskande mange frå USA. Og i ferielandet Spania er det mange som nyttar Tunnelsyn til å halda seg orientert om kva som skjer her heime.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.