Norgeshistoriens mest kostbare marknadsplan

Prognosane for folketalsvekst i Bergens-området vert stadig meir fantastiske. Vi får 250.000 nye innbyggjarar og behov for 140.000 – 150.000 nye arbeidsplassar innan 2050, ifølgje eigedomsaktørane sin marknadsplan som vart lagt fram på konferansen ”Bergens-regionen i 2030” i dag.

I 2010 snakka ekspertane om ein vekst på 100.000 nye innbyggjarar i Bergens-området innan 2040. Ganske snart vart talet oppjustert til 160.000, og etter fire år har eigedomsaktørane i Bergens-området jekka opp forventningane enno eit hakk.

Arkitekten
”Arkitekten” bak prognosane heiter Gunnar Wiederstrøm og er tilsett i planleggingselskapet Opus. At Wiederstrøm er forplikta til å argumentera for ein ambisiøs marknadsplan for sal av arbeidsgjevaren sine tenester, bør ikkje overraska nokon. At han har klart å overtyda Bergens Næringsråd, PwC og samtlege av dei store eigedomsaktørane om at Bergensområdet faktisk kan forventa ein slik vekst, seier meir om Wiederstrøm sine overtalingsevner enn om fundamentet prognosane byggjer på.

Einauga veksttru
Den einauga veksttrua marknadsplanen gjev uttrykk for, bør få varsellampane til å blinka.

Vekst kjem ikkje av seg sjølv. Viktigaste føresetnaden for ei verkeleggjering av folketalsprognosane vil vera ein dramatisk auke i talet på arbeidsplassar. Folk vil strøyma til Bergen på grunn av tilbod om gode jobbar med høg løn, tenkjer planleggjarane. Vert det slik?

Vanskeleg å styra
Bergens-området har ein realtivt einsidig arbeidsmarknad, med overvekt på offshore, varehandel og bygg og anlegg. Sjølv om vi lenge, i motsetnad til resten av Europa, har levd høgt på høg oljepris, er vi sårbar for svingningar i oljepris og internasjonale konjunkturar. Det regionale næringslivet møtte, ifølgje undersøkingane, det nye året med auka pessimisme og reduserte forventningar til økonomisk vekst.

Å styra veksten har vist seg vanskeleg. Rekrutteringskampanjen ”Vekstlandet” til 3 – 4 millionar kroner, har så langt berre resultert i ei handfull arbeidsplassar – i Oslo-området.

Arbeidsinnvandring
Når folketalet i Bergens-området har auka siste åra, er det på grunn av vekst i offshoreindustrien, kombinert med ei storstilt arbeidsinnvandring som følgje av økonomiske krisetider både aust og sør i Europa. No ser dei økonomiske utsiktene for resten av Europa lysare ut enn på lenge, samstundes som arbeidsløysa er på veg oppover her heime.

Når dagpengeutbetalingane frå NAV stoppar opp, vil arbeidsinnvandrarane flytta heim att. Samstundes vil innvandringa til Norge stoppa opp. Vi kan med andre ord ikkje forventa tilsvarande vekst i folketalet som følgje av tilflytting av arbeidskraft frå utlandet som det vi har opplevd siste åra.

Ein stigande andel av veksten må koma frå andre delar av Norge. Sjølv om ein lokal kapasitet som tidlegare energiminister Ranveig Frøiland legg heile si tyngde i innsatsen for å få redusert aktivitetane ved oljebasen i Florø, til fordel på meir heimlege basar, monnar det lite. Sjølv ei total avfolking av grannefylket Sogn og Fjordane vil berre bidra med 100.000 tilflyttarar. Vi ”treng” 250.000, skal vi oppfylla eigedomsaktørane sin marknadsplan.

Krev planlegging
Vi må planleggja for veksten, ikkje koma springande etter, er næringslivet sin kongstanke. Opus, og dei andre eigedomsaktørane, ser for seg at folketalsprognosane skal gje grunnlag for omfattande offentlege investeringar i nye skular, barnehagar, vegar og VA-anlegg.

Mange vil nikka samde. Knipne vedlikehaldsbudsjett siste tiåra medfører at vi i dag treng både skular, VA-anlegg og vegar.

Lånetopptak
Vedlikehaldsbudsjetta er konsekvens av ein skranten kommuneøkonomi. Både Bergen, Fjell og sikkert også andre kommunar i området, har tømt fonda sine og late gjelde veksa til over skorsteinen på rådhusa siste tiåret.

Skal vi kunna finansiera ein slik vekst som marknadsplanen legg opp til, må kommunane kutta til beinet på andre oppgåver. Mykje av veksten må finansierast med låneopptak. Auka offentlege avgifter må vi også rekna med.

Eskalerande gjeldsbyrde
Ved å akseptera marknadsplanen til eigedomsaktørane i Bergens-området, legg vi ein veksande gjeldsbyrde på dagens unge. For å finansiera dei mange tiltaka, vil vi vera avhengig av at fleire vert med på å betala rekninga. Veksten vil skapa behov for nye tiltak, som igjen vil krevja nye låneopptak. Ein vond økonomisk sirkel det vil verta stadig vanskelegare å koma ut av.

På fagspråket vert slikt kalla å påta seg eskalerande forpliktelsar. Eg nøyer meg med å spå at dette vert truleg vert ein av dei mest kostbare marknadsplanane i Norgeshistorien. Du og eg – vi som alt bur her – vil få rekninga.

4 thoughts on “Norgeshistoriens mest kostbare marknadsplan

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.