Kan vi læra av Mongstad?

Det er alltid smertefullt å måtta gravleggja eit prosjekt ein har trudd på og kjempa for over lengre tid, avdi det har vist seg å vera eit luftslott. Mongstad-høyringa på Stortinget har vist at erkjenninga av feilvurdering sit langt inne.

Dei som kjenner til fortida mi som fagpressejournalist med teknologi og industri som spesialfelt, veit kan hende og at C02-fangst, -lagring og reinjeksjon for auka oljeutvinning i Nordsjøen stod høgt på dagsorden i 2004 – 2005.

Mange av sakene eg skreiv i denne perioden vart publisert på Nettstaden Skråblikk, seinare bloggen Skråblikk.

Rimeleg vaskemiddel
Statoil var tungt involvert på planleggingssida. Det same var SINTEF og Cicero Senter for klimaforsking.

Oljeprisen var låg, og Statoil var på leit etter eit rimeleg ”vaskemiddel” som kunne erstatta naturgass som trykkstøtte for auka oljeproduksjon frå aldrande felt som Gullfaks og Veslefrikk. CO2 peika seg ut som eit veleigna vaskemiddel.

Kostnadsestimata for CO2-fangst og permanent lagring i halvtomme oljefelt varierte. Pessimistane antyda ein pris på kring 20 dollar per tonn frå større, konsentrerte CO2-kjelder, som gasskraftanlegget på Kårstø. Uansett var det semje om at prisen måtte vera lågare enn prisen på klima-kvotane, skulle tiltaket vera kommersielt interessant.

Erfaring i liten skala, frå Sleipner-feltet, der høg CO2-konsentrasjon gjorde det naudsynt å reinsa naturgassen før levering, tilsa at prosjektet var mogeleg. At teknologien fantes, og at metoden bidrog til å henta opp meir olje til ein akseptabel kostnad, visste ein og frå Weyburn-feltet i Canada.

Politisk kontroversielt
Like fullt vart tiltaket politisk kontroversielt. Dåverande Bondevik-regjeringa var skeptisk.

Den nye raudgrøne regjeringa hadde C02-fangst som eit hovudtema under regjeringsforhandlingane på Soria Moria. Det skulle bli fullskala reinseanlegg for C02 på Kårstø frå 2009. Med nyttårstalen om månelandinga gjorde Stoltenberg-regjeringa dette til sitt politiske flaggskip.

Blod, sveitte og tårer
Dei retoriske grepa Stoltenberg-regjeringa tok i lanseringa av «Månelandinga» på Mongstad må ta noko av skulda for at dei tidlege varselsignala vart ignorert.

Månelanding – orda ber bod om eit langt klimasteg for mennesket – og for norsk teknologi. Statsminister Stoltenberg si nyttårstale var eit signal om at dette løftet står vi som nasjon samla bak. Dette skal vi få til, om det så skal kosta oss blod sveitte og tårer. Dette var ei nasjonal forplikting vi påtek oss i felleskap.

Mediedrypp om feil teknologival, konstruksjonsfeil av gasskraftanlegget på Mongstad og fare for ureining av nærmiljøet prella av i den generelle optimismen på vegne av utsiktene til eit revolusjonerande teknologisprang i nasjonal regi.

Så byrja varsla om utsetjing å koma. 2009 vart til 2014. Ein snakka ikkje lenger om fullskala-anlegg, men om eit testanlegg. Men sjølv eit testanlegg ville kosta langt meir enn det opphavelege budsjettet tilsa – mykje meir – viste det seg etterkvart.

Aukande skepsis
Som journalist var dekning mi av saka i 2004 – 2005 udelt positiv. Konfrontert med den nye informasjonen om påståtte teknologiske vanskar og eskalerande kostnadar vart eg stadig meir skeptisk. Faktagrunnlaget frå utredningsfasen stemte ikkje lenger. Kvifor vart det så sinnsjukt kostbart å tilpassa ein teknologi som var velprøvd både i Nordsjøen og Canada til eit norsk gasskraftanlegg?

Noko måtte vera gale! Kvifor tok det så lang tid før tiltaket vart stoppa? Var heile prosjektet eit luftslott?

Ikkje så heilt einkelt å lufta slike tankar sommaren 2012. Nasjonen levde framleis i trua på ei norsk månelanding.

Reaktoren i Shoreham
Granskinga av nedstengninga av Shoreham reaktoren utanfor New York i 1989, viser eit energipolitiske havari som har store fellestrekk med det som framkom i Storinget si høyring om utviklinga ved Mongstad-anlegget.

Granskinga i USA peika på ein kompleks samverknad av feilkjelder i fem kategoriar:
Prosjektfeil: teknologival, kostnadar
Psykologiske forklaringar: Forplikting, tolking av ny, avvikande informasjon
Sosiale forklaringar: Prestisje, naudsynt å forsvara tidlegare vedtak
Organisatoriske forklaringar: Endringar i politisk støtte.
Kontekstuelle føresetnadar: Føresetnadar i omverda som endra seg.

Exit Statoil
Etter regjeringsskiftet i 2005 fulgte eg ikkje lenger tiltaket. Dei nasjonale nyhendemediene overtok. Historelause journalistar som var opptekne av det politiske spelet og ikkje kjende til den grunnleggjande diskusjonen kring teknologival, kostnadar og behov for forbetringar på grunnlag av dei tidlege erfaringane.

Skulle C02-fangst og reinjeksjon vera kommersielt interessant for Statoil, måtte dei koma i gang så tidleg som i 2008. Stoltenberg-regjeringa meinte likevel at det ikkje ville vera mogeleg å koma i gang med CO2-fangst på Kårstø før tidlegast i 2009.

Her finn vi truleg noko av forklaringa på at tiltaket endra fokus, vekk frå eit energi- og klimapolitisk kinderegg, med gevinstar til alle partar, til ei politisk månelanding.

CO2-fangsten drog etterkvart så langt ut i tid at Statoil ikkje lenger såg det like kommersielt interessant å bidra økonomisk. Oljeprisen steig og oljeselskapet hadde funne andre og minst like gode vaskemiddel til å auka utvinningsgraden.

Staten sat att med heile rekninga. Få, også i det politiske miljøet, hadde fått med seg det kritiske skiftet i kontekstuelle føresetnadar.

Stop loss!
Bygginga av testanlegget på Mongstad er stoppa. Enno finst det likevel dei som argumenterer for at bruk av enno fleire milliardar kroner vil gjera det mogeleg å gjennomføra prosjektet.

Stop loss! Kill your darlings! Det er aldri for seint å snu!

Det truleg viktigaste vi kan læra av månelandinga på Mongstad er å følja nøye med på korleis eit prosjekt utviklar seg. Skjer det ei endring i eksterne føresetnadar, eller i ein av dei fire andre forklaringskategoriane forskarane identifiserte i Shoreham, bør heile engasjementet revurderast.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.