Vi deltek gjerne i ressursgruppe

Ikkje plass til småbåttrafikken. Plangrensa for Branndalsåsen (gul), med omrisset for reguleringsplanen for Sjøfronten på andre sida.
Ikkje plass til småbåttrafikken. Plangrensa for Branndalsåsen (gul), med omrisset for reguleringsplanen for Sjøfronten på andre sida.

Sartorkongen ser for seg at det kan vera mogeleg å fylla enno meir stein ut i Straumsundet. Brukarane av sundet har sendt felles merknad til oppstartmeldinga, og krev å få delta i ressursgruppa som skal utforma områdereguleringsplanen for vestsida av sundet. Vi vil også ha gjennomført ei konsekvensutgreiing med fokus på verknaden for småbåttrafikken og Straumsundet som friluftsområde i sjø.

Sist månad varsla Altus Eiendom oppstart av reguleringsarbeid for Branndalsåsen på Nordre Bildøy – tvers ovanfor Straumsundet for den kontroversielle Sjøfronten.

Ut i sundet
Plangrensa strekkjer seg eit godt stykke ut i Straumsundet. Det mest omfattande forslaget opnar for ei omfattande utfylling i strandsona på vestsida.

Det er grunn til å frykta nye tiltak som ytterlegare kan forverra manøvrerbarheten og tryggleiken til båtfarande i sundet, meinar Brukarane av Straumsundet, Fjell Båtlag og Bilødy Hyttelag. Vi har sendt felles merknad til oppstartmeldinga.

Overser småbåttrafikken
Interessene til småbåteigarane vert ikkje ivareteke i overordna planar. Som ledd i planarbeidet må det difor gjennomførast ei konsekvensutgreiing med fokus på verknadane for småbåttrafikken og bruken av Straumsundet som friluftsområde i sjø, krev vi i merknaden.

Fyllinga på austsida av sundet er klaga inn for Kystverket. Avgjer i saka føreligg enno ikkje. Oppstartmeldinga frårår likevel behov for ei konskvensutgreiing.

– Inviter Kystverket
I håp om å sikra ein god plan, skal det nedsetjast ei ekstern ressursgruppe samansett av Hordaland fylkeskommune, Statens vegvesen, Fylkesmannen i Hordaland, andre etatar i Fjell kommune som skule, barnehage, kultur, og seksjon for samferdsle og trafikksikring.

– For å sikra manøvrerbarhet og tryggleik for båtfarande bør Bergen og omland Hamnevesen og Kystverket inviterast til å delta i ressursgruppa, tilrår vi.

For å oppfylla Plan og Bygningslova sin §5 med krav om aktiv medverknad, sender vi også gjerne eigne representantar til å delta i ressursgruppa.

Kven får rekninga?
Ein områdereguleringsplan skal vera ein offentleg plan, likevel har kommunen tildelt ansvaret for utforminga av planen til den private aktøren Altus Eiendom. Korvidt det til sjuande og sist likevel vert skattebetalarane som får rekninga for milliongildet er usikkert.

Les heile merknaden vår til melding om områderegulering av Branndalsåsen

Les oppstartmeldinga

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.