Miljøbåt kan kutta køane alt i 2017

Fjellsokningane treng ikkje venta heilt til det nye Sotrasambandet står ferdig før trafikksituasjonen betrar seg. Saman med Askøy og Bergen har vi fått ein eineståande sjanse til å verta vertskommunar for eit pilotprosjekt for eit miljøvenleg båtsamband basert på elektrisitet. Batteridrivne passasjerbåtar som kan gå i skytteltrafikk mellom Bergen og nokre av dei mest folkerike tettstadane i regionen alt i 2017.
(Dette innlegget er skrive i samarbeid med Jan Thorsen.)

Det er næringsklynga Marine Clean Tech West (MCTW) som har utvikla konseptet for hurtiggåande kollektivtransport på sjø. Dei har kompetanse, teknologi og medlemsverksemder som er i stand til å byggja båtane og ha dei klare til sjøsetjing i løpet av to til tre år.

Lavutsleppsteknologi
MCTW innfrir internasjonale og nasjonale krav knytta til miljøvenlege og og kostnadseffektive transportløysningar på sjø. Med pilotprosjektet vil dei visa kva dei kan få til innan energi-optimalisering og lavutsleppsteknologi.
Eit samband Sotra – Askøy – Bergen vil vera eit ideelt utstillingsvindu for norsk maritim industri som satsar på denne framtidsretta teknologien. Som alternativ til ”vårt” samband vurderer dei eit prosjekt i Oslofjorden.

Krev raske og handlekraftige politikarar
Tilbodet er presentert for den politiske leiinga i regionen. Raske og handelkraftige politikarar og planleggjarar kan no sikra at pilotprosjektet som kan få dekka mykje av kostnadane i form av offentleg støtte, lettar arbeidsdagen for køleie trafikkantar i Region Vest.

Sambandet vil kunna verta ei naturleg vidareføring av dagens samband Kleppestø – Bergen når den noverande konsesjonen går ut i 2017.

Gratis infrastruktur
Statens vegvesen har nyleg innstilt på at den nye Sotrabrua ikkje skal dimensjonerast for Bybane, avdi det vil krevja ekstra investeringar i storleik 1,3 milliardar kroner.

Sjøvegen ligg der som ein gratis infrastruktur, klar til å takast i bruk utan omfattande reguleringsprosessar og bruk av dynamitt. Vi kan køyra mykje miljøvenleg passasjerbåt for 1,3 milliardar.

Les meir om MCTW og Urban Schuttle.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.