Blå netter, blå roser

Den blå timen har strekt seg inn i ein ny morgon. Blå roser er mørke augo i den lyse Sotra-natta.

Midnight Blue.
Midnight Blue.

Det har vore ein sommardag av dei sjeldne her vest i havet. Utetemperaturen inviterer til å strekkja det siste glaset med sancerre inn i det uendelege.

Heidi Klum
Heidi Klum

 

 

Med lyddempar
Ein katt har teke snarvegen via plommetreet opp på terassen og vil ha kos. Naturen sine eigne renovatørar, måsane, har krangla ferdig om det siste rekeskalet, og det er heilt, blikkande stilt. Sjølv dei sjeldne båtane som framleis ferdast gjennom Straumsundet synes ha sett på lyddempar.

 

Moderne roser
Blå roser er ein sport for moderne rosedyrkarar. I fargepaletten i rosehagen min, utgjer dei det eine ekstreme ytterpunktet på ein skala som strekkjer seg frå kvitt, visa rosa og raudt til, ja nettopp, blått.

 

Midnight Blue
Sidan eg byrja bygga opp hagen i 2002, har eg freista ulike blå sortar, med vekslande hell. Midnight Blue er den blåaste av dei blå. Nydelege mørke, fylte, små roser med gult «auge». Ny av året, verkar frodig. Vakker døgnrose! Mister spensten straks det kjem ein regndrope.

 

Rhapsody in Blue
Rhapsody in Blue

Best i vest?
Rhapsody In Blue, kanhende beste blå rosa i vått Vestlandsklima? Rosa haldt på å verta kvalt mellom 50 år gamle Queen Elizabeth og to vekstkåte Variegata de Bologna. I år har han fått eiga, rommeleg potten heilt for seg sjølv og takkar med frodig vekst og mange knoppar. Den mest regnsterke av dei blå.

 

Burgundy Ice
Burgundy Ice

Mot det lilla
Nærast i den blåraude fargepaletten kjem Heidi Klum, Burgundy Ice og Romance.

Heidi Klum blømer og trives. Burgundy Ice blømer rikt, men er meir var for vinterfrost.

Stilkrosa Romance får få, men lysande og utruleg velduftane, knyttnevestore roser.

Blue Moon viste seg ikkje å vera særleg blå, ikkje tolte han regn heller, og ikkje trivdes han.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s