Steget nærare eigedomsskatt

Vel kommunepolitikarane i Fjell å akseptera rekninga frå Sartorsjefen om å betala 25 millionar kroner for opparbeiding av uteromma i tilknyting til handlesenteret, kan det vera utgiftsposten som utløyser eigedomsskatt for fjellsokningane.

Eigedomsskatt er eit tiltak vi i Fjell lenge har vegra oss for å innføra. Dette sjølv om ein begrensa eigedomsskatt på verk og bruk vil kunna tilføra kommunekassen 10 – 11 kjærkomne millionar kroner årleg, i følgje eit reknestykke rådmannen gjorde på oppdrag for Fjell Venstre i fjor vår.

Lever over evne
Eigedomsskatt er aktuelt av di Fjell slit med å dekka lovpålagte oppgåver. Vi har store årlege budsjettunderskot. Fjellsokningane lever over evne! Berre i år er det snakk om 15 millionar kroner som må dekkast gjennom reduksjon av kommunale fond. Høg lånegjeld og store renteutgifter utfyller biletet.

Ikkje meir å kutta
Samanliknar vi med andre kommunar, viser KOSTRA-tala at Fjell er mellom dei mest effektivt drivne kommunane i landet på mange område. Det er ikkje meir å kutta.

Ein stad må vi henta inntekter frå!

I denne vanskelege økonomiske situasjonen er det at rådmannen foreslår at vi skal påta oss rekninga for opparbeidinga av uteromma i tilknyting til handlesenteret på Straume. Eit senter eigd av Sartor Holding og det børsnoterte selskapet Olav Thon ASA. I første omgang er det snakk om 25 millionar kroner.

Rådmann Steinar Nesse må gjerne krydra økonomitalene sine med ord som «magic»! Han er ikkje i ein situasjon der han kan trykka pengar!

”Rett” farge på partiboka
Byutvikling er ikkje ei lovpålagt oppgåve. Byutvikling er ei oppgåve Høgrekommunen Fjell har påteke seg på vegne av private næringsutviklarar med ”rett” farge på partiboka. At Høgrekameratane støttar opp under slik kreativ forretningsdrift er vel knapt til å undrast over. Om Arbeiderpartiet vel å støtta tiltaket, er det noko mange fjellsokningar vil store vanskar med å forstå.

Innbyggjarane får rekninga
Fjell er i tilsvarande situasjon som Bergen. Der såg Byrådet beståande av H og FrP, seg i går nøydde til å bita i graset. Skular og annan offentleg eigedom har i mange år stått til nedfalls fordi det ikkje har vore pengar til overs til vedlikehald. No forfell rekninga for gammal moro. Lånegjelda må ned. Innbyggjarane får rekninga.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.