Gåve til politikarane

– Resultatet vert heilt annleis når innbyggjarane får medverka i planprosessen frå byrjinga, enn når dei berre vert inviterte til å seia meininga si når planutkastet føreligg. Medverknad frå innbyggjarane gjer planen betre.

Det var førsteamanuensis Linda Lien ved Kunsthøgskulen i Bergen som hevda dette under folkemøtet på Kleppestø torsdag kveld. Kleppestø vel var arrangør, og hadde lukkast med å få både ordførar Siv Høgtun og varordførar Roald Stenseide, forutan ei rekkje kommunestyrerepresentantar, til å vera tilstade i salen.

Krev å få delta
– Engasjerte innbyggjarar er ei gåve til politikarane. I andre kommunar slit dei med å involvera innbyggjarane, her på Askøy krev dei å få delta i planprosessen, sa Lien og såg ut over dei kring 300 Asketappane som hadde møtt fram på folkemøtet.

Alternativ plan
Innbyggjarane sitt krav om sterkare medverknad i utviklinga av Kleppestø sentrum var bakgrunn for møtet.

For å visa at dei meinar alvor har Kleppestø vel samla inn pengar og henta inn arkitektane Eriksen og Skajaa til å teikna ei alternativ skisse til korleis heimbygda deira kan tenkjast å sjå ut om 20 – 30 år.

Meir realistisk 
Skissa er meint som eit mindre og meir realistisk alternativ til rådmannen sitt forslag. Eit forslag som innbyggjarane meinar ikkje tek vare på dagens naturgjevne og historiske kvalitetar, og som er altfor omfattande til å vera gjennomførbar, ifølgje Bård Espelid, møteleiar og styreleiar i Askøy vel.

Advertisements

6 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.