Tredobla lånegjeld

Politikarane i Fjell har trekt gullkortet til svart belte i shopping. Fonda våre er snart oppetne. Lånegjelda er tredobla siste tiåret. To av tre kroner av årets låneopptak går med til å betala for gammal moro. No har bankane sagt stopp, så kven er det no som låner oss pengar, og på kva vilkår?

Finansrapporten som ligg ved rådmannen sin økonomirapport for andre tertial bør uroa fleire enn meg. Her framkjem det svart på kvitt at politikarane i Fjell har levd over evne siste tiåret i trua på at folkevekst og inflasjon skulle trylla vekk både renter og avdrag.

Eitt års budsjett
Den samla lånegjelda til kommunen utgjer no 1,4 milliardar kroner – tilsvarande eit heilt års driftsutgifter, framkjem det av finansrapporten.

Fordelt på samtlege Fjellsokningar, spebarn og pensjonistar inkludert, utgjer den offentlege lånegjelda no nærare 60.000 kroner per hovud.

Kjøpefesten er redusert dei seinare åra. Låneopptaket for 2014 er budsjettert til 54 millionar kroner. Av dei vil to tredelar, eller 36 millionar, gå med til å betala avdrag på den eksisterande gjelda.

Restriktive bankar
Kommunen si kredittrating framkjem ikkje av rapporten. Den som les mellom linjene forstår likevel at når Kommunalbanken, Husbanken og andre statlege finansieringsinstitusjonar har blitt meir restriktive med nye utlån, er det ein konsekvens av kommunen sin gjeldssituasjon. I staden er vi no i aukande grad nøydde til å selja sertifikat og obligasjonar for å finansiera nye tiltak.

Sertifikat og obligasjonar
35 prosent av den kommunale gjelda vert no utgjort av sertifikat og obligasjonar. Rådmann Steinar Nesse påstår i finansrapporten at dette er lavrisikolån til gode vilkår.

Ukjente vilkår
Som innbyggjar i Fjell etterlyser eg informasjon om kven som står som kjøparar av desse lånepapira? Til kva vilkår er låna gjevne? Kva garantiar har vi gitt som motyting?

Skjult i rekneskapen
Rådmannen si liste over tenester som visstnok ikkje er lovpålagte, viser at berre brøkdelen av dei store låneopptaka har gått med til å betra tilværet for dei svakaste mellom innbyggjarane.

Dei verkeleg store utgiftspostane, til dømes i tilknyting til bydanninga på Litle Sotra, vert skjult i rekneskapen. Lest i samanhang gjev finansrapporten eit stadig meir markant bilete av kor store midlar det offentleg brukar til å understøtta det lokale næringslivet.

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.