Lie-gruppen delfinansierer kommunalt planarbeid

Lie-gruppen, gjennom Prosjekt Kystby AS, har inngått avtale med Fjell kommune om å betala 750.000 kroner i tilskot til kjøp av konsulenttenester. Pengane er øremerka til utarbeidinga av den kommunale områdeplanen for hytteområdet på Nordre Bildøy.

Dette kjem fram av sakspapira til formannskapet førstkomande mandag.

Områdeplanen for hytteområdet kjem i tillegg til den planen Lie-gruppen sjølv held på å utarbeida for naboarealet dei skal ha inngått intensjonsavtale om å kjøpa nord for R555.

Dekkar delar av kostnaden
Det er halde anbodskonkurranse på utarbeiding av områdeplan for det nær 150 mål store området med 65 privateigde hytter. Asplan Viak fekk tildelt oppdraget.

Det er alt no klart at totalkostnaden for planarbeidet vil verta høgare enn dei 750.000 kronene Fjell kommune vil få i tilskot. Dei resterande kostnadane har rådmannen påteke seg å finansiera over sitt eige budsjett. Kor stor sluttsummen vert, framkjem ikkje av sakspapira.

Budsjettsprekk?
Områdeplanen for nytteområdet langsmed Straumsosen er ein av fleire i tilknyting til Sotra Kystby.

Samanliknar vi kostnaden med Kleppestøbyen, antek rådmannen i Askøy at sluttsummen for planlegginga der kjem til å enda ein stad kring 12 millionar kroner. Då arbeidet starta i 2012, vart prosessen budsjettert til 3,2 millionar.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.