Opprør i Bildøy Hyttelag

I Bildøy Hyttelag er dei opprørt over Liegruppen sin avtale med Fjell kommune om å betala tilskot til utarbeidinga av områdereguleringsplanen for hytteområdet. At rådmann Steinar Nesse inngår ein slik avtale på kommunen sine vegne, har dei vondt for å skjøna.

– Liegruppen ved Roy-Eddy Lie, er ein privat eigedomsutviklar med store økonomiske interesser på nabotomten. Gjennom snart eit tiår har dei planlagt for å tileigna seg eigedomane våre, seier leiar Erik Sveaass i Bilødy Hyttelag til Tunnelsyn.

Bukken oppi havresekken
– Dette vert omlag som å plassera bukken oppi havresekken, oppsummerer Sveaass på vegne av styret i Bildøy Hyttelag.

Hyttelaget er positive til planlegging av offentleg infrastuktur som vatn og avløp i området, men dei reknar slik planlegging som ei kommunal oppgåve.

Økonomiske føringar
No er de engsteleg for at tilskotsavtalen vil medføra at Fjell kommune bind seg til Liegruppen sine føringar for utforminga av Sotra Kystby når planen for deira eigne eigedomar skal utarbeidast.

Plansmie
Bildøy Hyttelaget har status som referansegruppe under utarbeidinga av områdeplanen. Så langt har de ikkje blitt kontakta av Fjell kommune.

Helst vil medlemmane i Hyttelaget medverka aktivt i planarbeidet frå første dag, til dømes gjennom ei plansmie. Mange ser for seg at dei kan omgjera hytta til bustad og gjera fjellsokningar av seg.

Betre planar
Erfaringar mellom anna frå Kleppestø, viser at planar vert ganske annleis når bebuarane i området får vera med på å utforma planane, ikkje berre koma med merknadar når planen føreligg.

Når vert vi involvert?
– Kanskje tida omsider er moden for kommunen bør kommunisere med dei 65 grunneigarane i området, spør Sveaass.

Hytteeigarane vil uansett ha full råderett over eigne eigedomar og drøye to kilometer kystlinje på Norde Bildøy, legg han til.

Advertisements

4 Comments

  1. Tilbakeping: Tunnelsyn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.