Den kvite ferieøya – førebilete på omsynsfull stadutvikling

Lavt og tett, men mykje grønt og private område.
Lavt og tett, men mykje grønt og rause private område.

Dei som har vore på Lanzarote kan vanskeleg unngå å leggja merke til kor ulik busetnaden på øya er frå den vi finn i turistmaskinene på naboøyane Tenerife og Gran Canaria. Mannen vi kan takka for denne kvite ferieøya heitte Cesar Manrique.

Då turistane byrja invadera Lanzarote på 1960-talet, gjekk det ikkje lang tid før ei gruppe lokale kulturpersonar med Cesar Manrique i spissen såg behovet for å bevara øya sitt særpreg. Øya trong arbeidsplassane og pengane som turistane førte med seg, men turistane flokka ikkje til øya berre for å oppleva sol og varme, mente dei.

Turistane søkjer oppleving
Turistane kjem hit for å oppleva den fantastiske naturen vår. Lanzarote er ei lita øy, med begrensa plass. Vi kan difor berre tillata ei forsiktig utbygging som ivaretek dette særpreget, sa Manrique.

Ein tankegang som bør inspirera også planleggjarar og politikarar som no står i ferde med å utvikla «nybyar» i Bergensområdet.

Fekk gjennomslag

Lave, kvitmalte hus. Den indre havna i Arrecife
Lave, kvitmalte hus. Den indre havna i Arrecife.

Heldigvis for øya – og for oss – fekk tankane hans gjennomslag, både hos styremaktene og hos dei store utbyggjarane.

På hans initiativ vart det vedteke at ny busetnad utanfor hovudstaden Arrecife berre skal vera på inntil tre etasjar, sjølv om husa kan byggjast tett. Husa skal dessutan malast kvite.

Etterlevde eigne prinsipp
Sjølv bygde kunstnaren seg hus i ei forlengst størkna lavaboble. Av tre mål tomt, er berre 100 kvadratmeter bebygd – over jorda. Under jorda finn vi ein fasinerande bustad med ei golvflate på 1.800 kvadratmeter.

Foundation Cesar Manrique i Tahiche var første heimen han bygde. I fjellandsbyen Haria nord på øya finn vi Museo Cesar Marique, som var siste heimen hans. Denne siste er også eit langt meir personleg minnesmerkje over ein uvanleg framsynt person som viste seg å vera på rett stad til rett tid.

Verdsarvstatus
I dag har Lanzarote status som verdsarv-landskap i samsvar med UNESCO sine retningsliner.

2 Comments

  1. Tilbakeping: God Jul! – Tunnelsyn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s