Frigjeringsjubileet: Den største forbrytelsen

marte micheletDeportasjon av dei kring 1800 jødane som budde i Norge ved krigsutbrotet var inga høgt prioritert oppgåve for den tyske okkupasjonsmakta. Norske NS-folk ville det annleis. Men først måtte politiminister Jonas Lie innføra ein serie nye lover, slik at ugjerninga kunne framstå som lovleg.

Dette framkjem av Marte Michelet si bok ”Den største forbrytelsen” som kom ut sist haust. Journalisten Marte Michelet har teke på seg å dokumentera jødane sin historie i Norge, med vekt på perioden frå ca. 1910 og fram til 1945. Sentralt står forteljinga om familien Braude, og om den norske frontsoldaten og statspolitimannen Stian Beck.

Boka toppar bestseljarlistene denne hausten. Det er forståeleg, for Michelet byggjer den medrivande historieforteljinga på fakta henta fram gjennom omfattande djupdykk i offentlege arkiv, både norske og tyske.

Nordmenn medverka
For nordmenn flest bør dette vera ei ubehageleg bok å lesa, avdi ho tilbakeviser ein av mytane om den norske motstandskampen.

I etterkrigstida har nordmenn flest skyvd frå oss tanken på Holocaust og jødane sin skjebne. Vi visste ikkje, vi hadde inga skuld, vi hjalp dei så godt vi kunne, vart det hevda. Marte Michelet viser at så ikkje var tilfelle. Tvert om var det mange nordmenn som medverka og la til rette for at tragedien kunne skje.

Konfliktsky
Tyskarane ville helst unngå openlyse konfliktar i Norge. Helst burde handlingane som førte opp mot deportasjonen ha skinn av å skje i form av eit samarbeid. NS-folk bidrog aktivt, andre gjorde som dei fekk ordre om.

Redsla for konflikt førte mellom anna til at jødar som var gift med nordmenn som hovudregel ikkje vart deporterte, men istaden sperra inne i leirar i Norge.

Jødeparagrafen
Noko av det første Quisling gjorde då han greip makta var å gjenninnføra den omstridde ”jødeparagrafen” i den norske grunnlova. Jødar skulle ikkje lenger ha adgang til å koma inn i landet.

Jødeparagrafen gav likevel ikkje juridisk grunnlag for å utvisa jødar med norsk statsborgarskap, eller å fråta dei eigedomane sine. Før det kunne skje, måtte politiminister Jonas Lie innføra ein serie nye lover som gav deportasjonen og ranet av jødisk verdiar eit skinn av legalitet.

Jus – eit fleksibelt verktøy
Michelet dokumenterer korleis lovmakarane i NS nytta lovverket som eit fleksibelt verktøy for å gjennomføra ein ønska politikk – frikopla frå etiske og moralske verdiar.

Dei som er interessert i temaet, kan få utfyllt biletet i Kjartan Fløgstad sin roman ”Grense Jakobselv”.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s