Dagens sleivspark: Skit og kanel

Dei som ønskjer å skjelna mellom skit og kanel i den økonomiske politikken i Fjell om dagen, treng meir enn eitt par briller.

Du treng ikkje akkurat nærsyntbriller for å få auga på Sartorkong(l)en Ernst Einarsen. Med rådmann Steinar Nesse si velsigning freistar han støvsuga den botnskrapte kommunekassen vår for 25 millionar kroner i tilskot til nettopp – ein kongle – i king size, sjølvsagt.

Langsynt
Tek du på langsyntbrillene, ser du eigedomsbasen frå Liaskjeret, Roy-Eddy Lie, som gladeleg legg 750.000 kroner på bordet for å få laga ein reguleringsplanen for naboane sine eigedomar.

Moral?
Moralen i historien – dersom politikken i Fjell kan seiast å ha nokon moral – må vera at einskilde utbyggjarar meir enn gjerne betaler for å få laga ein plan over naboeigedomane som er slik at utbyggjaren sjølv skal finna det attraktivt å overta – når det passar han – ein gong i framtida.

Lokaldemokrati – kva er det?
På den andre sida: når planen er vedteken med minst mogleg medverknad frå grunneigarane – sender utbyggjarane rekninga til kommunen for å få planen gjennomført.

Den som ler sist
Nemnte eg Sartorkong(l)o? Sartokong(l)en ler – av politikarane i Fjell!

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.