Gjestekommentar: Underfinansiert demokrati

Det går ikkje an å redusera skattane når me samstundes skal finansiera fleire og fleire fellesutgifter. Skatteevnen til dei høgast løna burde vore auka i takt med evnen dei har til å forlanga for årsverket sitt. Staten må i sterkare grad avgrensa føresetnadane som er skapt for å samla mykje pengar på få hender. Elles får me det slik at rike private kan tilsetja sine eigne i offentlege stillingar fordi det offentlege ikkje har råd.

Av Hans Golten

No er det ryddig og greitt at private betalar for offentleg tilsette for å få fortgang i eiga sakshandsaming. Ja, no er det lovleg med korrupsjon. Det er ikkje noko brotsverk lenger. Det er berre til å ta det opp med politkarane og få dei til å godkjenna det.

Me er alle kjeltringar, det er berre eit spørsmål om på kva sida på lova me er kjeltringar, om me får straff, bot eller « påtaleunnlatelse», eller forbryt oss utan at me vert hukka.

Pengar er makt
Det er ei kjent sak at pengar er makt, og makt korrumperar. Jo større pengebingen er, jo meir korrupt kan og vil ein vera. Og me finn alltid eit forsvar for det galne me gjer. Moralen er veldig tøyeleg i alle retningar. Men kvifor er det no vorten slik at det må gjerast lovleg å vera korrupt?

Eg ser eit mønster i heile den politiske organiseringa vår. Eg les stadig artiklar i avisene om elende. Skriveri om kor gale det går i ulike land, men ingen tar til orde for å stilla diagnosen.

Dei store linjene
Me kan ta dei store linjene om Sør-Europa mot Nord-Europa. Korleis Tyskland kan dominera dei fattige i sør med å ha ein stor tropp innvandra arbeidskraft på lusaløn til å produsera varer som dei underbyr prisen til dei finansielt svake landa, og i tillegg pålegg dei same landa å spara inn på offentlege utgifter. Dei fattige i Sør-Europa er mykje skuld i vanstyret sjølv, og me i Noreg styrer på same måten, men me har unngått nedgangen både med billeg innvandra arbeidskraft som Tyskland og i tillegg ein romsleg oljeøkonomi.

Rota til problemet
Det som er rota til desse problema er skattepolitikken. Folk og verksemder vert ikkje skatta etter evne. Her har politikarane svikta totalt. Ikkje berre i Noreg men i heile Europa. Resten av verda er visstnok endå verre. Men eg skal berre illustrera det med lokale døme:

Bergen har etter kvart opparbeidd seg ei gjeld på 15 milliardar. For kort tid sidan stod det i Bergens Tidende at dei tre rikaste i Bergen var god for 25 milliardar. Sjølv om desse tre hadde kvitta ut gjelda til Bergen, hadde dei hatt rikeleg att til å kosa seg med. For den rikaste av desse tre stod det i BT for ei tid attende at overskotet til verksemda var kring 1,7 milliardar for 2012. Kring 750 millionar i driftsoverskot og 950 millionar i finansinntekter. I verksemda er det 1500 tilsette. Arbeidarane har for 2012 skaffa arbeidsgjavaren ein halv million kvar i overskot på drifta, og over 600.000 kroner i overskot på finansinntekter, av pengar som dei tidlegare har arbeidd inn. Kor stor skatten var på dette overskotet stod det ingen ting om, men han var ikkje over 28%. Dersom arbeidslønene til arbeidarane var 500.000, so var skatten for desse meir enn 28% på lønsutbetalinga, i tillegg til 14,1 % arbeidsgjevaravgift.

Løn vert skatta hardare
Det er på dette punktet politikarane sviktar. Dei har fått det for seg at pengar som ein har sveitta for skal skattast hardare enn dei som andre har sveitta for og som ein får hand om. For nokre år sidan fekk me den sokalla delingsmodellen mellom lønsinntekt og kapitalinntekt. «Juvelen i norsk skattepolitikk « kalla Stoltenberg det, der kapitalinntekta berre skulle vera 28 % og mykje høgare på lønsinntekt. Eg har aldri høyrt at kapitalen har kravd noko inntekt. Men eg veit at dei som eig kapitalen er glo etter pengar, og har evne til å betala mykje meir skatt.

For å syna kor gale det er, so skrik ein no opp om formueskatt og eigedomskatt og bompengar og gjer det til eit heitt debattema. Når ein skal kreva inn skatt på formue og eigedomskatt og bompengar for å skapa utjamning og finansiering av det offentlege, so er ein for seint ute. Ein må ta pengane når dei vert tent og ikkje når dei er spart. Ein må ikkje la dei som forlangar mest for årsverket sitt sleppa billegare enn den jamne mann. Same snikskattlegginga har ein gjennom nettleiga på straumen som råkar dei nyetablerte svært hardt.

Finansiera fellesutgifter
Frp har skrike på lågare skattar sidan Anders Lange si tid, men det går ikkje an å redusera skattane når me samstundes skal finansiera fleire og fleire fellesutgifter. Ta berre bompengane som Frp er imot. Kvifor legg dei ikkje berre på bensinprisen i staden som dei gjorde i Tromsø?

Galskapen ligg i at no fører alle parti Frp politikk. Den førre regjeringa sette ned selskapsskatten med 1%. Dei burde auka den med 10%, eller gjort han sterkt progressiv. Det same burde dei gjort med lønsskatten.

Privat tilsette i offentlege stillingar
Skatteevnen til dei høgast løna burde vore auka i takt med evnen dei har til å forlanga for årsverket sitt. Staten må i sterkare grad avgrensa føresetnadane som er skapt for å samla mykje pengar på få hender. Pengar er ikkje noko anna enn eit bytemiddel for varer og tenester. Føresetnadane for å gjera pengane til ei vare som det kan handlast med må staten styra mykje sterkare. Elles får me det slik at rike private kan tilsetja sine eigne i offentlege stillingar fordi det offentlege ikkje har råd.

Eg trur ikkje at det er fleirtal i folket for det me no ser. Då er demokratiet sterkt underfinansiert og trua.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s