Plan for ein ”bilfri” kystby

Berre ei av fire reiser skal gjerast med privatbil når kystbyen står ferdig. Innbyggjarane skal i staden i størst mogeleg grad oppmuntrast til å gå, sykla eller nytta kollektivtransport. Båt kan vera eit alternativ.

Komande mandag skal formannskapet i Fjell drøfta framlegget til mobilitetsplan for Bildøy og Sotra Kystby. Planen vil i første rekkje leggja føringar for dei tre områdereguleringsplanane som er under utarbeiding for Nordre Bildøy, men vil også kunna få konsekvensar på Straume-sida.

Medveknad utan grunneigarane
Plankonsulent AsplanViak haldt sokalla “medverknadsmøte” i ein tidleg fase av planlegginga. Bildøy Hyttelag som representerer eit 60-tals grunneigarar, var ikkje invitert og var heller ikkje tilstade på møtet.

Dramatisk omlegging
Drøftingsutkastet legg opp til ei dramatisk omlegging av Sotra-strilen sine reisevanar.

Tre av fire reiser i Fjell og Sund i dag skjer med personbil. Rask transporttid er hovudargumentet for val av framkomstmiddel, ifølgje ei reisevaneundersøking SINTEF gjennomførte i 2013.

Eit viktig tiltak vil vera å leggja til rette for auka bruk av sykkel og kollektivtrafikk, samstundes som ein gjer det mindre attraktivt å køyra bil.

Ei stor utfordring
Å få folk til å gå, sykla eller ta bussen er ei stor utfordring, avdi tilgangen på bil er så mykje større enn tilgangen på gang- og sykkelalternativ. Det er berre mellom Straume og Bergen sentrum at bussen har ein frekvens som gjer han til eit reelt alternativ.

65 prosent av dei som bur på Litle Sotra jobbar på aksen Ågotnes – Straume – Bergen Sentrum. For at dei skal finna det attraktivt å ta bussen, bør det gå buss kvart 10. minutt, om ikkje oftare.

Samanhangande gang- og sykkelvegnett
Utkastet lanserer ei forslag til samanhengjande gang- og sykkelvegnett på Litle Sotra, Bildøy og over mot Store Sotra.

Gang- og sykkelbru over til Råna vidare til Steganeset på Kolltveit og til Ågotnes er det mest radikale framlegget som vert lansert. Ei slik løysing vil korta reisetida med sykkel til Ågotnes til 30 minutt.

Båt eit alternativ
Noko av det mest interessante her er at båt vert vurdert å vera ein alternativ reisemåte, både mot Ågotnes og mot Bergen.

Ei gang- og sykkelbru over holmane frå Nordre Bildøy og over til Straume vert også presentert. Argumentet er at eit slikt alternativ vil verta oppfatta som meir attraktivt enn å ferdast langsmed R555, sjølv om det vil ha liten effekt på reisetida.

Langsiktige føringar
Planutkastet inneheld langsiktige føringar som kan binda kommunen 40 – 50 år fram i tid. Fleire av tiltaka vil vera kostbare å realisera.

Ein mobilitetsplan vil ikkje vera juridisk bindande. Nokre av dei føreslegne tiltaka kan sikrast gjennom rekkjefølgjekrav i ein områdereguleringsplan og i påfølgjande utbyggingsplanar.

Grunnlag for ekspropiasjon
Vidareført i ein områdereguleringsplan vil tiltaka også kunna gjeva rettsleg grunnlag for eksporpiasjon.

Utanfor plan
Fleire av tiltaka ligg utanfor det som er mogleg å sikre i ein områdereguleringsplan. Det gjeld til dømes etablering av pendelbussrute, fjordbuss, bysykkelordning, og sykkeltunnel gjennom Kolltveittunnelen. Haldningsskapande arbeid er også eit døme på tiltak som må følgjast opp i andre planverk, melder plansjef Berit Rystad.

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.