Minelagt utbyggingsavtale

Utbyggingsavtalen med Sartor Holding inneber at Fjell kommune må ta opp ekstra lån på 15 millionar kroner alt i 2015 for å finansiera uteromma i det privateigde handlesenteret.

Utkastet til utbyggingsavtale skal opp til behandling i formannskapet førstkomande mandag.

Kontroversiell avtale
Mange har reagert på at ein fattig kommune som Fjell skal bruka så store summar til opparbeiding av uteområda i tilknyting til eit privateigd handlesenter.

For avtalesummen kan Fjell finansiera 20 sjukeheimsplassar eller 143 fleire barnehageplassar.

For å skaffa økonomisk handlingsrom til å gjennomføra avtalen, har det vore naudsynt med omfattande prioriteringar på kommunebudsjettet.

Kostbar kong(l)e
Utan omfattande politiske merknadar, vert det opp til kommunestyret neste veke å spikra avtalen som vil sikra den private utbyggjaren eit kommunalt tilskot på inntil 25 millionar kroner

Finansieringa av ein kong(l)e i bronse utgjer ein vesentleg del av avtalen.

Hastar
Då teksten til avtalen vart kjend tidlegare i haust, melde rådmannen Steinar Nesse at avtalesummen på 25 millionar ville koma til utbetaling over mange år.

Av saksdokumenta til formannskapet framkjem det at rådmannen ønskjer å pressa fram eit vedtak før jul, slik at dei 15 millionane som skal utbetalast neste år kan koma med i budsjettvedtaket.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.