Konkurransedyktig båtsamband

Båtruta Snarveien mellom Kleppestø og Nøstet er truleg konkurransedyktig med buss, om vi tek anleggskostnadane for veganlegga med i reknestykket. Bybanepassasjerane kostar åtte gongar så mykje som busspassasjerane.

Snarveien er den mest populære båtruta i Hordaland, med over 300.000 reisande årleg. Kvar passasjer kostar Hordaland fylkeskommune 34 kroner i tilskot, framkjem det i ei melding frå fylkesrådmann til fylkestinget denne veka.

Investeringskostnadane for båtar og terminalar er inkludert i reknestykket i form av kostnadar for leige av materiell og anlegg.

Vanskeleg å samanlikna
Kor mykje fylkeskommunen subsidierer ein busspassasjer på  strekkja Bergen sentrum – Kleppestø, vert ikkje opplyst.

Oversikten viser imidlertid at ein busspassasjer i den vestlege delen av Bergensområdet til samanlikning kostar vel 19 kroner. Eindel lange bussruter med få passasjerer bidreg til å dra snittkostnaden opp.

Vegkostnaden halden utanfor
Kostnadane til anlegg av vegane bussane køyrer på er ikkje tekne med i reknestykket over busskostnadane. Tek vi anleggskostnadane til dei store bru- og veganlegga i region vest med i reknestykket, vil buss og båt verta meir konkurransedyktige, sett i eit samfunnsperspektiv.

Bybanen
Ein passasjer på Bybanen kostar i snitt 21 kroner. Det er åtte gongar så mykje som det fylkeskommunen subsidierer kvar busspassasjer i det sentrale Bergens-området med.

Advertisements

2 Comments

  1. Nyttig å se på tilskudd og kostnader ved ulike transporttilbud. Snarveien må jo være et fantastisk alterniativ. Gi de som tar Snarveien gratis kaffe!
    Alle trafikanter er avhengig av infrastrukturen. Det er ikke mer enn rett og rimelig at alle også er med på spleiselaget. Men, kollektivreisende bør tas i mot med åpne armer.
    Kollektiv person- og godstrafikk bør få en bonus fordi disse systemene er så arealeffektive. En buss tilsvarer 40 personbiler. Bussen er 12-15 meter lang, mens disse personbilene trenger minst 250 meter bare til kjøring. I tillegg kommer parkering og andre arealbehov for bilen.
    Pussig at ingen politiker tar denne utfordringen, men det er vel frykten for å komme i unåde hos NAF og elbilforeningen som gjør at de frafaller en samfunnsmessig vurdering. I tillegg kommer frykten for ikke å blir gjenvalgt.Elbilene er til sammenligning i en egen klasse, nærmest som ambassade-biler, uten avgifter eller gebyrer for å dekke sine kostnader for arealbruk.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.