Straumsundet må gjenopnast som farlei

Ein mobilitetsplan for Sotra Kystby må gjerne ta dristige grep – men han må vera realistisk. Kva med å gjenopna Straumsundet som farlei for fjordbussen?

Ein mobilitetsplanen for Nordre Bildøy/Sotra Kystby vil definera eit samferdslemessig mål å strekkja seg etter: Tre av fire reiser skal skje med andre framkomstmiddel enn privatbil.

Mange vil heilt sikkert rista på hovudet. Planen legg føringar for publikum sine reisevanar. Vi veit av erfaring at endring av reisevanar tek tid – dessutan må alternative tilbod vera einkelt og rimeleg tilgjengelege.

Kollektivtransport
Ei sterk vektlegging av kollektivtransporten er naturleg. Hordaland fylkeskommune har alt i dag målsetjing om at veksten i talet på reiser skal handterast kollektivt.

Skal vi få det til må det til ei radikal oppgradering av kollektivtilbodet. God internkommunikasjon og pendelbussrute til Straume med hyppig frekvens vil vera to naudsynte tiltak.

Fjordbuss
Hyppigare avgangar må det også verta på sambandet Bergen – Straume – Ågotnes. Eit interessant spørsmål er i kor stor grad ein fjordbuss kan erstatta dagens hjulbaserte framkomstmiddel.

Fjordbuss er så vidt nemnt som eit kollektivt alternativ i planen. Straumsundet skil Nordre Bildøy frå Straume og Sartor senter. Mobilitetsplanen – så vel som dei tre områdereguleringsplanane han skal leggja føringa for – skisserer fleire forslag til korleis kystbyinnbyggjarane kan kryssa Straumsundet.

Straumsundet
Straumsundet har gjennom generasjonar vore ei viktig farlei for lokal båttrafikk. Det avgjerande i denne omgangen vil vera å sikra at Straumsundet også i framtida kan oppfylla ein sentral funksjon i lokal kollektivtransport, og at det ikkje vert vedteke fleire tiltak som kan fungera som hinder for båttrafikken.

Fjorden frå Liaskjeret – Ekerhovd – Næringsparken – Søre Bildøy – Straume – Nordre Bildøy – Kolltveit – Ågotnes har potensiale til å verta ein viktig og mykje trafikkert akse i den lokale kollektivtransporten.

Kostnadseffektiv løysing

Ikkje plass til båttrafikk. Plangrensa for Branndalsåsen (gul), med omrisset for reguleringsplanen for Sjøfronten på andre sida.
Ikkje plass til båttrafikk. Plangrensa for Branndalsåsen (gul), med omrisset for reguleringsplanen for Sjøfronten på andre sida.

Ei båtrute vil kunna avlasta vegtrafikken både på strekkja Liaskjæret – Straume, og på strekkja Kolltveit – Ågotnes.

Ei utbetring av Gamle Straumsbru og justering av fyllinga til Straume Sjøfront vil vera ei kostnadseffektiv løysing med tanke på framtidig kollektivtranport og må ivaretakast i områdereguleringsplanen for Brenndalsåsen.

Sykkel – på korte strekkjer
Mobilitetsplanen vektlegg gange og sykkel. Sykkel er i tida. Det er likevel viktig at vi tek ein diskusjon på kor langt innbyggjarane i Fjell kan tenkjast å villa ferdast til fots og på sykkel i samanhang med ulike kvardagslege oppgåver.

Sykkelandelen i region vest er i dag på knappe ein prosent. Vekslande ver og topografiske tilhøve gjer det til ein illusjon å tru at han kan verta så veldig mykje høgare, i alle fall på lengre avstandar.

Feilslegen investering
Planane om ei bru over til Råna og gang og sykkelveg vidare over til Kolltveit, saman med ein gang- og sykkelveg frå Nordre Bildøy over til Storhilderen vil stengja for eit framtidig båtsamband i området. Begrensa nytteverdi tilseier at desse gang- og sykkeltiltaka vil vera feilslegne investeringar. Naturinngrepa tiltaka vil føra med seg vil for evig og alltid øydeleggja vår eineståande og sårbare natur, ein kostnad som også må med i reknestykket.

Må vera realistisk
Planen tenkjer 40 – 50 år fram i tid. Då vert det viktig å vi er opne for alle tenkjelege løysingar, ikkje berre for det som framstår som trendy i 2014.

Skal vi nå det overordna målet, er det viktig at publikum oppfattar verkemidla som realistiske, og at dei ikkje grip for sterkt inn i innbyggjarane sin valfridom.

Ein mobilitetsplan bør konsentrera seg om sentrale verktøy som vedkjem samferdsle. Politikarane bør ikkje ha ambisjonar om å leggja føringar for andre sider av innbyggjarane sitt privatliv.

Som medlem av eit liberalt parti ser eg det som sjølvsagt at folk skal ha fridom til sjølv å velja kvar dei ønskjer å bu og kvar dei ønskjer å jobba.

Advertisements

5 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.