Dagens sleivspark: Ei bru i vinden

Storm frå sør, og trafikken får problem over Sotrabrua. Vi veit om det, og det skjer om att og om att. Likevel planlegg vi ei ny bru med nett den same vindeksponeringa.

Vi var priviligerte, vi som kjørte personbil over Sotrabrua i kveld. Politiet rydda fri bane! Bussar, lastebilar og personbilar med «vindfang» på taket risikerte derimot å måtta venta i over tre timar før vinden løya såpass at Politiet fann det trygt å sleppa over køane av tolmodig ventande på begge sider av fjorden.

Vindproblematikken var eitt av mange tema i den årelange diskusjonen om val av trase for nytt samband. Tunnel var farleg og samband i sør ville ikkje generera nok trafikk, argumenterte forståsegpåarane.

Feia tilside
Påstandane om at fire køyrefelt like ved sida av dei to vi har i dag vil vera like utsette for vind, prella av. Tryggingsekspertane sine råd om å sikra alternative køyrevegar vart feia tilside.

Planleggjarane synes vera samde om at to felt i kvar retning kan omgjerast til eit felt i kvar retning om ulukka skulle vera ute. Dermed er det problemet ute av verda.

At ei ny Sotrabru skal vera i vinden, er jo sjølvsagt!

Slik er det jo med så mykje her i Fjell, vi veit, men vi bryr oss ikkje!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.