Får sterk kritikk frå Kystverket

Utbyggjarane Veidekke ASA og Sartor Holding og Fjell kommune får sterk kritikk frå Kystverket for måten saka om fyllinga i Straumsundet er handtert.

Kystverket har i dag gjort vedtak i dei tre felles klagesakene frå Brukarane av Straumsundet, Fjell Båtlag og Bildøy Hyttelag. Her går Kystverket sitt hovudkontor langt i å skulda utbyggjarane Sartor Holding og Veidekke for å ha utøvd sjølvtekt i det smale sundet:

Burde ha venta
– Kystverkets hovudkontor viser til at i dette tilfelle føreligg det allereie eit relativt stort og i praksis irreversibelt tiltak som vart sett i verk utan at utfallet av den endelege
klagesakshandsaminga vart avventa, skriv Kystverket i vurderinga si.

For ettergjevne
Fjell kommune får kritikk for å ha vore for ettergjevne mot utbyggjarane:
– Vi er difor kritiske til Fjell kommune si handsaming av denne saken, og meiner at kommunen som forvaltningsmyndigheit burde ha sørgja for at alle naudsynte løyver førelåg, samt at klagene i samband med desse vedtaka var ferdighandsama, før tiltaket vart sett i verk, skriv Kystverket vidare.

Fortløpande behandling
Kommunen får også kritikk for å ha samla opp klagene til det vart for seint å gjera noko, i staden for å behandla klagene fortløpande:
– Vidare burde klagene som kom inn til kommunen ha vorte handsama fortløpande, og oversendt til Kystverkets hovudkontor for endeleg klagesakshandsaming så snart som råd.

Oppsetjande verknad
Til sist kjem Kystverket med eit godt råd til Fjell kommune:
– Det er venta fleire slike store tiltak i dette området. Kystverkets hovudkontor oppfordrar Fjell kommune til å sørgje for at eventuelle søknadar om tiltak vert grundig handsama i fyrsteinstans, og at det vert gjeve oppsetjande verknad for tiltaket, jf. forvaltningsloven § 41, dersom eventuelle vedtak om løyve vert påklaga,

Utbyggjar er no pålagt å merka trygg farlei snarast råd.

5 Comments

  1. Hmmm … ser ur til at Kystverket er enig med undertegnede. Jeg fikk ikke til vedtak i klagebehandlingen … men mine protokolltilførsler til klagene ble akseptert…og følger sakene.
    Kritikken er helt på sin plass og rett adressat er Ordføreren i Fjell !

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s