Hos onkel Ho

Vietnam må vera verdas mest kapitalistiske kommuniststat! Ein økonomisk vekst på oppunder sju prosent årleg gjer landet til ein av dei mest aggressive tigrane i Sør-aust Asia og ein av dei raskast framveksande marknadane i verda. Skal du rekka å få oppleva den ekte vietnamesiske kulturen, bør du reisa no.

20141220_familie på skuterNordmenn flest har liten kunnskap om landet som grensar både mot Kina, Kambodsja og Laos. Halvannan times flytur frå Bangkok, så landar du i Ho Chi Minh-byen, hos oss betre kjent som Saigon.

I Saigon er det framleis langt mellom turistane, og få som snakkar engelsk, også på hovudgata Dong Khoi. Etter 15 års krig mot USA, og hundre år som fransk koloni, har Vietnam framleis mykje av sin opprinnelege kultur i behald.

Ho Chi Minh vert rekna som landet sin grunnleggjar og første president. Onkel Ho vert i dag nytta som synonym på det inkluderande Vietnamesiske samfunnet.

”Hot Pot”
Sjølv i desember, den kjølegaste og tørraste tida på året, passerer termometeret 30 grader alt tidleg på morgonen. Ein og annan svalande regnskur sørgjer for at temperatursjokket for ein vintervant vestlending ikkje vert uuthaldeleg.

I byen som tidlegare var hovudstaden i sør, buzzar det av travle vietnamesarar på skuter. Eksos og støv ligg som eit lokk over byen. Det er her størsteparten av veksten skjer. Ungdom i hundretusenvis flokkar til byen, i håp om å få arbeid i dei mange utanlandsk eigde fabrikkane. Lønene langt lågare her enn i Kina.

For ein tilfeldig turist på besøk nokre dagar, framstår byen som ein ”Hot Pot” for internasjonalisering, endring og vekst.

Klassisk fransk kolonistil side om side med moderne høghus. Tomten avgjer arkitekturen
Klassisk fransk kolonistil side om side med moderne høghus. Tomten avgjer arkitekturen.

Høghus
Hektisk byggeaktivitet pregar store delar av byen. Høghus på 50 – 70 etasjar dukkar plutseleg opp side ved side med vakre, klassiske bygg i fransk kolonistil og fattigslege bambushytter. Bymann og risbonde må sjå på at omgivelsane endrar seg, og at dei får nye naboar utan rot i eigen kultur.

Til forskjell frå Høgre-staten heime, verkar det likevel som om kommunistdiktaturet respekterer eigedomsretten – er tomten trekanta, vel, så vert nybygget sjåande ut deretter.

Rubel-krise?
Mykje av veksten er driven av utanlandsk kapital, først og framst frå USA. Kva som skjer med dei mange russiske interessene no som rubelen er i krise, er likevel eit spørsmål det er knytta stor spaning til.

Det indske handelsmiljøet, som lenge var Ho Chi Minh sine føretrekte samarbeidspartnarar, øynar ein ny sjanse. Brest eigedomsbobla, får dei kan hende kjøpa attende dei tidlegare eigedomane sine til ein gunstig pris.

Umogeleg å oppdaga. Ein veteran viser nedgangen til dei hemmelege Cu Chi tunnelane som avgjorde krigen.
Umogeleg å oppdaga. Ein veteran viser nedgangen til dei hemmelege Cu Chi tunnelane som mange meinar avgjorde krigen.

Bondehæren som undergravde USA
Ingen kan dra til Vietnam utan å verta minna om kommuniststaten si nære fortid og krigen mot USA. Eit besøk i tunnelane ved Cu Chi forklarer korleis ein utarma bondehær bokstaveleg talt kunne undergrava verdas leiande krigsmakt.

Vietnam er ein ung og barnerik nasjon. 35 år etter at Vietnamkrigen slutta, opptek ikkje krigen nokon stor plass i kvardagen.

Vietnams svar på vårrullen, innpakka i rispapir.
Vietnams svar på vårrullen, innpakka i rispapir.

Gastronomikunst i verdsklasse
Temperatur og mykje nedbør gjer Vietnam til eit sjeldant fruktbart land. Hundreåret som fransk koloni lærte vietnamesarane å forvandla naturen sitt sjeldant rause spiskammers til gastronomikunst i verdsklasse. Det forklarar likevel ikkje kvifor
dei insisterer på å eta maten med papiret på.

Kystlandet
Mange nordmenn tenkjer seg Vietnam som eit jungellandskap. Med nær 3.500 kilometer kystlinje, burde vi vestlendingar heller oppfatta på landet som ein kyststat, med rikt fiske og gode mulighetar for badeturisme.

Stadig fleire nordiske reisande ønskjer å oppleva badeparadis som er meir skånsamt utbygde enn dei vi kan oppleva i Thailand og i ”Syden”. Halong-bukta i nord bør vera kjend for mange, men er langt frå einaste delen av kysten som er verd å oppsøkja.

Bølgje-paradis20141221_kiting i sørkinahavet
I Mui Ne på søraustkysten buldrar Sør-Kinahavet inn over strendene. Surfarar og kitere frå store delar av verda møtes her for å måla krefter med bølgjene og vinden. Pragande neonskilt med kirylliske bokstavar vitnar om at staden likevel først og fremst ein leikeplass for den nyrike russiske middelklassen. Eindel har jamvel søkt langtidsopphald i påvente av ei avklaring av situasjonen mellom Russland og Ukraina.

Fragmentert inntrykk
Dette er mitt andre besøk i Vietnam. Første gongen var for ti år sida. Mykje har endra seg. Inntrykket etter ei knapp veke er likevel svært så variert og fragmentert. Landsbygda, der nærare 70 prosent av dei 90 millionar innbyggjarane bur, har eg så vidt fått små glimt av. Likevel nok til å konstatera at dette er eit land med store kontrastar, og enorme sosiale skilnadar.

Inntrykket er todelt: Som nordmann kjenner eg meg uendeleg previligert!

Samstundes – Dette er eit land eg gjerne vil oppleva meir av!

Les meir:
Bondehæren som undergravde USA
– Gastronomikunst i verdsklasse

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s