Etterlyser heimel for riving av historisk villa

Direktørbustaden til Sildoljefabrikken i Knarrevik vart slegen flat av gravemaskinene sist veke. Planpolitikaren Svein Magne Lie (Ap) etterlyser heimel for rivinga.

Den gamle direktørbustaden i Knarrevik vart ulovleg riven våre n2015. Bygget var teikna av den kjende Bergensarkitekten Einar Oscar Schou. (Foto: Endre Våge).
Den gamle direktørbustaden i Knarrevik var teikna av den kjende Bergensarkitekten Einar Oscar Schou. (Foto: Endre Våge).

Direktørbustaden i Knarrevik stod ferdig på slutten av første verdskrigen. Bustaden vart teikna av den kjende bergensarkitekten Einar Oscar Schou som også teikna Den Nationale Scene, ifølgje Fjell bygdebok.

Direktørbustaden var ein typisk overklassevilla frå den sokalla ”jobbetida” som skapte klondyke i Knarrevik frå 1915 og fram til konkursen i 1922.

– Veldig trist
Kommunestyrerepresentant og planpolitikar Svein Magne Lie bur sjølv i Knarrevik og synes det er veldig trist at det historiske landemerkjet ved innkøyringa til fabrikkanlegget Mustadhagen er fjerna.

– Det er ikkje mykje frå tidlegare tider som har verdi lenger, seier Lie.

Etterlyser heimel
Lie har site i Komite for plan og utvikling i Fjell siste valperioden. Han kan ikkje minnast at komiteen har behandla nokon plan som inneber riving av den historiske villaen.

Siste veka har han fått fleire henvendingar frå sambygdingar som spør kven som har ansvaret for rivinga, og kva heimel dei har nytta.

Den erfarne planpolitikaren har no bede plansjef Berit Rystad om å få svar på kva heimel som er nytta for rivinga.

Foto: Endre Våge.

4 thoughts on “Etterlyser heimel for riving av historisk villa

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.