Tidlegare eigedomssjef rømmer kystbyen

Utenkjeleg for CCB-sjef Kurt Rune Andreassen å vera utan ein hage han kan pusla i.
Utenkjeleg for CCB-sjef Kurt Rune Andreassen å vera utan ein hage han kan pusla i.

Kurt Rune Andreassen vil bu landleg, og ha ein hage han kan vera ute i. No sel familien einebustaden midt i ”indrefileten” på Straume.

Andreassen likar ikkje det han ser av utviklinga på Straume, verken fyllinga i Straumsundet eller fortettinga av bumiljøa.

I 1996 var han eigedomssjef på Sartor Senter og med på å plalegga og få vedteke påbygget til OBS. 20 år seinare har byutviklinga kring senteret blitt såpass nærgåande heimen i Tyttebærbrekko at Andreassen vel å forlata Straume.

Passar ikkje inn i mitt hovud
– Vi flytta frå Bergen til Straume avdi det var landleg. Når vi ser på utviklinga i bygda, passar det ikkje lenger inn i mitt hovud å verta buande, seier Andreassen.

Ingen blokkleilighet kan tilfredstilla krava til familien Andreassen.

Ny einebustad
– For oss vert det framleis einebustad. Å bu i leilighet kjenner eg ikkje behov for. For meg er det utenkjeleg å ikkje kunne vera ute i hagen og halda på med noko, seier han.

Ny einebustad er under bygging – på Brattholmen.

– Vi skal framleis bu i gangavstand, poengterer han.

Følg med på Tunnelsyn: Møt CCB-sjefen i eit større portrettintervju førstkomande laurdag.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s