Stadfestar ulovleg riving i Knarrevik

Rivinga av den historiske direktørbustaden ved Sildoljefabrikken i Knarrevik skjedde utan løyve, stadfestar Fjell kommune. Eigedomselskapet Sigba AS kan no venta seg eit lovbrotsgebyr.

- Veldig trist, seier planpolitikar Svein Magne Lie (Ap) om rivinga av den historiske villaen i heimbygda Knarrevik.
– Veldig trist, seier planpolitikar Svein Magne Lie (Ap) om rivinga av den historiske villaen i heimbygda Knarrevik.
Berre grunnmuren stod att då Teknisk avdeling var på synfaring i Knarrevik før helga.

Riving av villaen frå siste del av 1. verdskrigen vert ikkje omfatta av søknden som Sigba har sendt Fjell kommune om tiltak i samband med opprusting av Knarrevik-anlegget, bekrefta teknisk sjef Berit Rystad i møtet i Komite for Plan og utvikling i dag.

Lovbrotsgebyr
Som straff for det ulovlege tiltaket varslar Fjell kommune at Sigba kan venta seg eit lovbrotsgebyr. Storleiken på gebyret vil mellom anna avhenga av om rivinga skjedde med føresett, og om rivinga ville ha blitt godkjend dersom dei hadde søkt.

skuldar på arkitekten
I eit brev til Fjell kommune, skuldar Sigba på arkitektfirmaet Cubus, som er hyrt inn i samband med ombygginga av Knarrevik-anlegget. At rivinga av villaen ikkje var omfatta av søknaden kan dei ikkje skjøna. Det var heile tida deira intensjon at tiltaket skulle med. Sjølv var dei overtydde om at tiltaket vart nemnt i søknaden, skriv verksemda.

Dårleg stand?
Sigba argumenterer også med at bustaden var i så dårleg stand at han ikkje lenger lot seg vedlikehalda, og at han var utrygg. Ein påstand som ikkje er så lett å vurdera, ettersom bygget er rive og restane fjerna.

Teknisk avdeling har gått gjennom heile saksmateriale, men har ikkje funne at rivinga av direktørbustaden er nemnt med eit einaste ord.

Politisk initiativ
Det var planpolitikaren Svein Magne Lie (Ap) som først ettelyste heimel for rivinga av direktørbustaden. Han synes det er veldig trist at det historiske landemerkjet no er vekke frå heimbygda.

One thought on “Stadfestar ulovleg riving i Knarrevik

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.