Sjef for skiftande tider

Der andre leiarar planlegg for jamn vekst, må adm. direktør Kurt Rune Andreassen ved Coast Center Base AS (CCB) leva med at omsetningskurven oppfører seg som ein berg-og-dal-bane. Dei skiftande tidene får ikkje øydeleggja nattesøvnen. Sjølv om ordreboka er tom, investerer han i år for å styrka konkurranseevna i riggmarknaden.

(Denne saka stod også på trykk i Ukeavisen Ledelse 5/2015)

CCB er navet i offshoreklyngen på Sotra. 300 verksemder med 4000 tilsette er avhengige av høg oljepris og framleis vekst innan olje og gass.

– Situasjonen er ganske krevjande akkurat no, innleier Andreassen, før eg rekk å stilla eit einaste spørsmål.

Flyttesjau
Til sommaren går den langsiktige avtalen med Statoil om forsyningsverksemd til felta i Statfjordområdet ut, og i løpet av året må Andreassen seia opp 100 mann. Gjennom eigarselskapet NorSea Group AS fekk dei nyleg ny kontrakt om forsyningsverksemd til dei same felta, men drifta frå nabobasen Mongstad.

– Statoil samlar volumet frå tre basar på Mongstad. Det er ei spanande oppgåve å skulla redusera volumet og sikra kvaliteten på leveransane, samstundes som alt utstyret skal flyttast over til Mongstad, og stå klart der innan 1. juli.

Ut av avhengigheten
Tredelt satsing på forsyningsbase, vedlikehaldssenter og subseasenter skal gjera CCB vert meir robust ovanfor sykliske svingningar:
– 15 år tilbake stod Statoil for 80 prosent av omsetninga. Ingen god situasjon, seier Andreassen. For nokre år sidan vedtok styret å jobba seg ut av avhengighetstilhøvet, og henta inn fleire aktørar. Ein strategi som lukkast så godt at i rekordåret 2012 skreiv knappe ti prosent av inntekta på 2 milliardar kroner seg frå landets største oljeselskap.

Eitt av grepa har vore å byggja opp eit av dei leiande subseamiljøa i verda. Store internasjonale aktørar med Aker og FMC i spissen gjer basen attraktiv ovanfor alle som driv innan ettermarknad, drift og vedlikehald.

Satsar på prosjekt
– Når eg søv godt om natta, er det avdi vi er i prosjektmarknaden. Vi har blitt meir robust, konstaterer Andreassen. Statoil har generert ein årleg omsetnad på 150 – 180 millionar kroner frå den delen av baseverksemda som no skal flyttast. No flyttar dei, og vi mister 100 arbeidsplassar. Spørsmålet vert korleis vi kan tilpassa oss. Eg er veldig glad vi snudde i tide. Å tapa inntil 20 prosent av omsetnaden er ingen katastrofe. Vi må ta denne endringa i 2015. Eg er overtydd om at vi kjem til å lukkast.

– Det triste er at det går ut over arbeidsplassane hos oss. Eg vel likevel å vera optimist. Det er stor aktivitet i området. Dei som mister jobben er høgt kvalifiserte. Eg håpar og trur dei vil finna noko anna, seier han.

Oljeprisen
Oljeprisen har blitt redusert med 60 prosent siste halvåret. Det er varsla reduksjon i investeringane på norske sokkel med 20 prosent. Kor mykje betyr oljeprisen for CCB?

– Oljeprisen er eit underleg tema med mange og sprikjande teoriar. Akkurat no ser det ut til at oljeprisen er i fritt fall. Det vil påverka oss. Nye prosjekt vert utsett. Kontraktar vert terminert. Planlagt vedlikehald vert utsett så lenge som råd, utan at det får lov til å gå ut over tryggleiken – han kjem alltid først.

Tapet av arbeidsplassar vil verta kompensert av drift- og vedlikehaldstenester innan subsea, meinar Andreassen. Statoil har vedteke å konsentrera subseaktivitetane på Ågotnes. Trass i dei nyleg varsla reduksjonane hos FMC på Ågontes, har ettermarknaden lang tidshorisont. I 40 år framover skal CCB levera vedlikehaldstenester til eit stort tal brønnar i Nordsjøen. Både FMC og Aker har bygd opp infrastruktur til å ta mot den veksten subseamiljøet krev av oss, seier Andreassen.

– Det er stor interesse for nyetableringar. Vi får stadig telefonar frå selskap som ønskjer å etablera seg, sjølv om oljeprisen nok vil vera avgjerande for kva som kjem ut av det, seier han.

– Oljeprisen skal opp att, det er sikkert. Når det skjer, om det vert i år, eller om fem år, er vanskeleg å spå, seier Andreassen.

Investerer mot dårlege tider
I 2015 intensiverer CCB innsatsen mot riggmarknaden:

I fjor stod 12 små og store riggoppdrag for 75 prosent av omsetnaden på vel 1 milliard kroner. Ordrebunken for riggvedlikehald i 2015 er ubehagelig liten.

I håp om å vinna oppdrag framfor Hanøytangen tvers over fjorden, Vestcon i Ølen eller Inver Gordon i Skottland, investerer CCB 20 – 30 millionar i ein støypt undervassplattform. Planen er å ta inn jack-up-riggar – ein stor og viktig del av marknaden, med mange potensielle oppdrag, understrekar Anderassen.

– Vi ser ein tendens til at kontraktar på eldre riggar ikkje vert fornya. Noko som skapar prispress i marknaden. Vi fekk inn ein nyare rigg nyleg. Han gjekk rett i opplag, truleg for lengre tid, grunna Statoil sitt krav om kostnadskutt.

Ny djupvasskai til 100 millionar kroner har dei også investert i.

– Vi har investert for over 500 millionar kroner dei siste åra. Likevel har vi gått med overskot kvart år, seier Andreassen, tydeleg stolt.

NorSea Group
CCB er eigd 50:50 av NorSea Group og Bernh. Larsen Holding. Eit eigartilhøve som har vore uproblematisk, skal vi tru Andreassen. Bernh. Larsen har vore ein av eigarane heilt tilbake til 1980-talet. NorSea Group er ein strategisk eigar der CCB utgjer ein av hjørnesteinane i det landsdekkjande basenettet.

Driftsavtalen på Mongstad er eit oppdrag CCB har fått gjennom NorSea Group. Stadig større del av aktivitetane skjer utanfor Ågotnes. CCB er hovudaksjonær i basane i Sandnessjøen, Kirkenes og Vardø, og står klar til å følgja norsk oljeutvinning nordover mot Barentshavet og iskanten i Arktis.

Ser sørover
Saman med to spanske selskap startar CCB i desse dagar eit eige driftsselskap på Gran Canaria. Målet er å tiltrekkja seg vedlikehaldsoppdag på riggar som opererer eller er i transit i den sørlege delen av Atlanterhavet.

I bakhovudet lurer sjølvsagt utsiktene til oljeleiting utanfor turistparadiset. Det at han uforvarande vart involvert i ein massedemonstrasjon mot oljeleiting sist han vitja Las Palmas, har ikkje lagt nokon dempar på draumen om å vera tidleg tilstade i ein ny og jomfrueleg marknad.

Nok infrastruktur – logistikken er utfordringa
CCB har lenge vore aktuell for ny storhamn for Bergensområdet?

– Eg har lita tru på at Staten vil løyva seks til åtte milliardar til utbygging av Flesland. I staden for å tenkja geografi, bør ein heller tenkja struktur. Bergen kan med fordel behalda hamneaktivitetar som dekkjer eige behov. Byen kan likevel få frigjeve store areal.

Å verta regionhamn er ikkje noko mål i seg sjølv, forsikrar Andreassen. Det vil vera meir fruktbart å satsa på å få meir gods over frå veg til sjø:- Det er meir enn nok infrastruktur i Norge. Utfordringa er å organisera logistikken, hevdar han.

CCB har lenge arbeidd for å få oppretta ei fast godsrute frå Stavanger via CCB og Mongstad til Florø. Mellom Kristiansund og Risavika går det dagleg godt over 100 vogntog i kvar retning, og mykje av godset skal til offshorebasane.

– Samfunnsnytten av ei slik godsrute vil vera stor. Trafikken på E39 vert redusert, og tryggleiken på vegnettet vinterstid vil verta betre, seier han.

Overser samfunnsnytten
Kostnadar og miljøproblematikk knytta til eldre fartøy, er dei innvendingane han møter oftast:
– Samfunnet vil tenkja annleis i framtida. Då vil ein innsjå at redusert trafikk på vegane inneber ein miljøgevinst. For å få det til må vi starta med dagens materiell, slik at vi kan endra reisemønsteret. Når vi har fått eit robust samband, er det grunnlag for å innføra nye, miljøvenlege LNG-fartøy.

Andreassen har også freista dra i gang ei pendlarbåtrute mellom Bergen til Ågotnes, slik at dei tilsette skulle sleppa kasta vekk tid på å stå i kø over Sotrabrua.

– Med 4000 tilsette på Ågotnes burde det vera grunnlag for ei slik båtrute. Eg er skuffa over politikarane som ikkje støtta tiltaket økonomisk, seier han.

– Styremaktene må leggja til rette slik at skipsfarten ikkje vert disfavorisert, oppfordrar han.

The Company Feeling
Du såg helst at ein av medarbeidarane dine hadde fronta dette intervjuet istaden for deg. Beskriv ein god medarbeidar?

– Svaret avheng av rolle og oppgåver. Eg er glad i personar som tek initiativ, som tek avgjersler og som eg slepp å gjeta. Folk må få sleppa til når dei tek initiativ, seier han.

– CCB har mange ulike personar i leiinga. Dei er gode kommunikatørar, dei tek standpunkt, og skapar energi. Det gjev ein dynamikk som fører til at vi får teke kloke avgjerder. Alle er heldigvis ikkje lik meg. Det hadde vore håplaust, seier han.

I CCB har vi eit uttrykk ”Company Feeling”, som omtalar ein kultur eg opplever som veldig god. Når dei einskilde har hjarte og lojalitet til verksemda, vil dei yta på ein annan måte. Då forstår dei både kva verksemda betyr for dei, men også kva dei sjølve betyr for verksemda. Når dei forstår at dei betyr noko, skaper det tryggleik slik at dei treff gode avgjersler, seier han og viser fram ei t-skjorte med ”Company Feeling” trykt på ryggen.

– Julegåve frå ein av dei tilsette, smiler han.

Friluftselskar
Med unntak av ein kort periode som eigedomssjef i Lie-Gruppen, har Andreassen hatt heile sitt yrkesaktive liv på CCB. Siste 17 åra som administrerande.

– Utan tung formell utdanning, har eg måtta gå ”The Hard Way”, og ta fleire år på skulebenken ved sida av jobben. Siste åra har det blitt mykje jobbing, men eg har då eit sosialt liv, også, smiler Andreassen.

CCB-sjefen er kjend som ein nettverksspelar i elitedivisjonen. Offisielt har han 22 roller, medrekna ni som styreleiar, og 63 direkte relasjonar. Mykje tid går med til nettverksbygging, innhenting av synspunkt og etablering av forståing for CCB sine behov ovanfor politiske og næringspolitiske miljø.

– Du kan ikkje driva marknadsføring frå eit kontor, seier han.

Dei næraste samtalepartnarane vert gjerne tekne med til hytta ved Jølstravatnet – eit steinkast unna Astrup-tunet. Her tek han dei opp på Orkja, 948 meter over Jølstravatnet, eller ut på vatnet for å setja garn.

Flyttar frå Straume
Kjekkaste fritidsaktiviteten er å gå tur. På Lyderhorn, Fløyen eller i utmarka heime på Straume der han bur midt i ”indrefileten” til den planlagte kystbyen. Sist han gjekk tur heime på Straume enda stien i eit stup. Fortsetjinga av stien var sprengt vekk.

Som eigedomssjef var han med på å få vedteke ei kontroversiell utviding av det lokale handlesenteret. 20 år seinare har utvidingsplanane kring senteret blitt så nærgåande at han vel å selja einebustaden og heller byggja ny nokre kilometer unna.

– Vi flytta frå Bergen til Straume avdi det var landleg. Når vi ser på utviklinga i bygda, passar det ikkje lenger inn i mitt hovud å verta buande, seier Andreassen.

Ingen blokkleilighet kan tilfredstilla krava til familien Andreassen.

– For oss vert det framleis einebustad. For meg er det utenkjeleg å ikkje kunne vera ute i hagen og halda på med noko, seier han.

På nabotomten byggjer dottera. Bestefar ser fram til å få to barnebarn og tvillingane som er undervegs, vegg i vegg.

Seks barnebarn tvingar bestefar til å tenkja logistikk. Sjuseters bil er kjøp inn for å få plass til alle barneseta:

– Eg har aldri hatt så mange barneseter før, smiler han, litt undren.

5 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s