– Planpolitikarane vart sette på sidelina

- Veldig trist, seier planpolitikar Svein Magne Lie (Ap) om rivinga av den historiske villaen i heimbygda Knarrevik.
– Veldig trist, seier planpolitikar Svein Magne Lie (Ap) om rivinga av den historiske villaen i heimbygda Knarrevik.

Planane for Mustadhagen og industriområdet i Knarrevik vart behandla administrativt. Politikarane visse ikkje kva som føregjekk. Saka er så stor at ho istaden burde ha vore drøfta i Komite for plan og utvikling, seier planpolitikar Svein Magne Lie (Ap).

Den erfarne kommunepolitikaren reagerte på rivinga av den historiske direktørbustaden til Sildoljefabrikken i Knarrevik, og stilte spørsmål ved heimelen for rivinga. Det viste seg at rivinga var ulovleg. No reagerer Lie på det han har fått kjennskap til om saksgangen i planarbeidet for industriområdet i Knarrevik.

– Ingen har visst kva som var på gang i Mustadhagen, hevdar Lie.

– Det at KPU sist veke fekk ei orientering frå teknisk avdeling om ein ferdig plan som komiteen burde ha vore med på å behandla, verkar litt rart på meg. Det var jo kjekt at vi fekk den orienteringa. Orienteringa var nyttig, men politikarane burde ha fått vore med på å behandla planen, seier Lie.

Omfattande endringar
Arbeidarpartipolitikaren har i dag drøfta saka med gruppeleiar Marianne Bjorøy. Tilbakemeldinga han fekk, var at dette er endringar gjort innanfor ein eksisterande plan, og at administrasjonen difor kunne avgjera saka.

Då den opphavelege planen vart vedteken for mange år sidan, vart innbyggjarane i Knarrevik lova ei grøn lunge i området. Planen som no vart presentert, viser i staden eit stort industriområde, der delar av Mustadvatnet er attfyllt, seier Knarrevikbuen.

Etterlyser politisk medverknad
– Dette er blitt noko heilt anna enn vi var lova. Endringane samanlikna med den opphavelege planen er omfattande. Kvifor har ikkje KPU fått høve til å uttala seg om dei store endringane det her er snakk om, spør Lie.

Hadde planen for Mustadhagen vore lagt fram for KPU, ville gruppene ha fått diskutera forslaget. Politikarane ville ha visst mykje meir om kva som føregjekk, og mange fleire ville hatt mulighet til å påverka sluttresultatet.

– Komiteen har vore tre gongar på synfaring på ein liten terrasse på Hjelteryggen, men med denne store planen har vi ikkje blitt involvert, konstaterer planpolitikaren.

Asfaltverket?
Sjølv etter orienteringa sist veke sit Lie att med fleire ubesvarte spørsmål om industriutviklarane sine planar for heimbygda: Kva skjer med asfaltverket, til dømes? Mange har i årevis klaga over lukt og støy. Vil asfaltverket få fornya konsesjonen?

Lie tek det for gitt at eit forum som KPU vert involvert i behandlinga av så store saker som denne, særleg avdi den opprinnelege planen ligg langt tilbake i tid.

– Det vil vera ein fordel for alle partar at både politikarane og allmenta veit kva som foregår, seier Lie.

Fjell kommune har tidlegare gått fleire rundar med diskusjonar om arbeidsdelinga mellom politikarane og administrasjonen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.