Gamechanger frå Sotra

Dagleg leiar Bent-Inge Storheim (38) smiler breidt ved tanken på at ACOS AS har spela rolla som gamechanger i marknaden for sakshandsamings- og arkivsystem i det offentlege. Halvparten av norske kommunar har ei eller fleire løysingar utvikla av den Straume-baserte IT-verksemda med distriktskontor i Oslo.

bent-inge storhiem m logo 2_web(Underteikna var mellom dei første aksjonærane i ACOS AS, inntil eg måtte selja meg ut i 2006. Investeringa er den mest lønsame eg har gjort, nokon gong.)

Gjennom snart 20 år har ACOS opptredd som ein forstyrrande systeminnovatør ovanfor offentleg sektor. IT-myggen på Straume traff blink med timinga av sitt pc- og webbaserte sakshandsamingssystem til små og mellomstore kommunar i 1997. I ei tid der gigantar som IBM og Kommunedata tilbaud fjerndrift, stormaskiner og dumme terminalar med karakterbaserte skjermbilete, angreip ACOS marknaden nedanfrå.

Unngått gründerfella
– Kan du oppsummera årsakane til at de har lukkast?
– Vi starta i det små, gapte ikkje over meir enn vi kunna klara, og lot sjølvbiletet veksa etterkvart som større kundar viste interesse, seier Bent-Inge Storheim.

Full kontroll på alle delar av den interne verdikjeden, frå utvikling, via produktleveransar til rekneskap, hører med til forklaringa. Dei to gründerane Conrad Hansen og Erik Ree gjekk tidleg over til reine utviklings- og salsoppgåver, medan andre overtok dei administrative oppgåvene.

– Vi har unngått den fella mange gründere går i, nemleg at tida der dei skulle ha vore kreative heller går med til rekneskap og momsoppgåver, seier Storheim.

Kundane deler kostnadane
Utvikling av hyllevare, framfor skreddarsaum, gjer at verksemda har klart å halda fokus. I staden for å tilby krevjande og kostbare utviklingsprosjekt til kvar einskild kunde, tilpassar dei produkta til dei einskilde kundane ved å definera interne systemparametre. Slik har dei klart å kunna levera same løysingane til Finansdepartementet, KLP og Frende Forsikring som til småkommunar som Jondal, Ølen og Meland.

– Mange har brent seg på kostbare utviklingsprosjekt. Om alle kundane skulle utvikla kvart sitt, ville det verta veldig dyrt. Hos oss er det mange kundar som deler på utviklingskostnadane, seier Storheim.

Nøkkelpersonell
IT-verksemda har tilsett fagfolk i nøkkelfunksjonar. Sjukepleiarar har til dømes spela ei viktig rolle i utvikling av levekårsystema til pleie- og omsorgssektoren.

– Det er ikkje nok å kunna IT. For å lukkast må du ha spesialistar som veit korleis kundane jobbar, korleis systemet deira er organisert, som kjenner dei ulike rollene, og som veit kva oppgåver som er tunge å utføra i kvardagen, utdjupar han.

Litt meir papirlaust
IT-bransjen har snakka om det papirlause kontoret sidan 1970-talet. ACOS er ein viktig bidragsytar for å realisera visjonen om ein papirfri offentleg sektor. Likevel har innføring av elektroniske søknadsskjema, utan behov for utskrift og manuell inntasting av informasjonen undervegs, vore ei hinderløype.

– Mange skuldar det offentlege for å vera treige med ny teknologi. Dei ser ikkje det komplekse samspelet av lover og reglar som må følgjast. Systemutvikling for offentleg sektor krev nøye balansering mellom krava i arkivlova, personvernlova og offentlegheitslova. Alle lovane er viktige, og dei dreg i kvar sin retning, seier Storheim som tykkjer det er ei veldig gjevande oppgåve å vera med i prosessane.

Nasjonal arkivstandard
Å vera tidleg ute med det nye, har vore ACOS sitt varemerkje. Tilpassing av systema til å tilfredstilla Arkivlova sine krav til digitalisering, lagring og attfinning av offentleg informasjon, (NOARK) har gjeve verksemda eit viktig konkurransefortrinn ovanfor mange større konkurrentar.

– NOARK4 opna ein ny marknad for oss. Mange kommunar såg at dei måtte ta standarden i bruk, og då fekk vi vera med å konkurrera, seier Storheim.

Brukarane må vera modne
I dag forventar folk at det offentlege tilbyr elektroniske søknadsskjema, men då ACOS først kom med tilbodet for 10 år sidan var det modig. Talet på internettbrukarar var for lite i dei aktuelle brukargruppene, ifølgje Storheim.

– Brukarane må og vera modne. Det held ikkje at ein ting er teknologisk mogeleg, konstaterer han.

Slik var det også med tilbodet om digital møteinformasjon til politikarane. Først då ipaden vart ålment utbreidd, kunna løysinga innførast på brei front til kommunestyrerepresentantar kring om i landet. Til glede for sekretærar og postbod som før måtte slita med utskrift og transport av tjukke bunkar med sakspapir.

Regjeringa si velsigning
Innføring av digitale betalingsløysingar avheng av den nasjonale innføringa av bank-ID, og er døme på eit tiltak som har kravd velsigning frå Regjeringa, og lovendringar på fleire felt før tiltaket har kunna la seg realisera.

Her ser Storheim for seg fleire spanande ACOS-prosjekt i åra som kjem.

Forsøket dei gjorde for nokre år med sikker elektronisk postkasse basert på Min-ID, kom for tidleg i høve til marknaden, og viste seg å vera for tungvindt.

Kommunereforma
Med mange små kommunar på kundelista, kva vil ei kommunereform med få og store kommunar bety for ACOS?

Storheim vel å sjå det positive. ACOS har etterkvart fått mange store kommunar på kundelista. Å slå saman kommunar vil vera ein omfattande prosess som vil skapa bevegelse i IT-marknaden: Det vil verta stort behov for å sy saman dagens system, eventuelt vil det opna for innkjøp av nye fellesløysingar.

– Det er ei utvikling vi aktar å vera med på, seier Storheim.

Kampen mot dei store
Det at kommunane vert større, inneber meir pengar i potten for den heldige vinnaren. Større oppdrag er heilt klart meir attraktive for dei store aktørane i bransjen.

Med vel 120 millionar i omsetnad, kjempar ACOS framleis mot dei store, internasjonale aktørane:

– Sjølv om konkurrentane våre tilsynelatande er langt større enn oss, er dei ikkje så avskrekkande store på dei fag- og produktområda vi faktisk konkurrerer på, hevdar han.

– Kundane spør kor mange tilsette vi har som jobbar med ”deira” problemstilling, framfor å spørja kor mange tilsette vi har. Det viser at dei ser betydinga av sterke fagmiljø som våre, seier Storheim.

Næringslivssatsing på vent
Har ACOS eit liv utanfor det offentlege?
– Ja. Vi gjorde ein framstøyt mot privat sektor for nokre år sidan, og fekk eit titals kundar. Store rammeavtaler med det offentlege har likevel ført til at næringslivssatsinga har blitt sett på vent, medgjev han.

Mykje er felles, men å vera IT-leverandør til næringslivet er likevel ganske annleis enn å jobba mot offentleg sektor. Mange av arbeidsoppgåvene som står sentrale i det offentlege, er for lengst automatisert vekk. Næringslivet har heller ikkje same krava til journal- og arkivføring som står så sentralt i det offentlege.

God dokumentkontroll
Storheim nyttar sjansen til litt eigenreklame:
– Dei private kundane våre vert kjenneteikna av at dei ønskjer å ha god dokumentkontroll, slik at dei står sterkare om noko skulle skje. ACOS går inn og set struktur og gode rutinar for handtering av informasjon som er viktig for verksemda sin kollektive hukommelse. Altfor mange organisasjonar nedprioriterer denne oppgåva til fordel for eit CRM-system, konstaterer Storheim.

– Det mange verksemder har lett for å gløyma, er det dei kan verta straffa hardt dersom dei får tilsyn, og ikkje har orden i eige hus, held han fram.

Straks ei verksemd har 10 – 15 tilsette, vert det viktig å ha god dokumentkontroll. God struktur i botnen betaler seg raskt. Gjenbruk av informasjon kan i mange tilfelle vera like viktig som attfinning. Her vil det likevel vera store skilnadar frå bransje til bransje.

Lokale eigarskap
ACOS nådde eit resultat før skatt på 16,6 millionar kroner av ein omsetnad på 121,1 millionar i 2014. Neste veke skal styret ta stilling til storleiken på utbytet til aksjonærane.

Verksemda vert eigd av dei to gründerane, øvrige tilsette og ei handfull mindre eksterne investorar. Slik har det vore frå starten, bortsett frå ein kort periode i siste halvpart av forrige tiår, då BBS var tungt inne på eigarsida.

Har lokalt eigarskap vore ein føresetnad for å lukkast?

– For meg som dagleg leiar, har det å ha eigarane så tett på, medført at eg har kunna konsentrera meg om operativ leiing framfor å bruka mykje tid på tunge rapporteringsoppgåver ovanfor eit fråverande styre. Det har også gjeve stor fleksibilitet og stor tillit frå styret, utan detaljkontroll, smiler han.

– ACOS har hatt langsiktige eigarar. Det trur eg har vore bra. Det har gjeve forståing for at vekst må skje over tid. Du kan ikkje dobla omsetninga frå eit år til det neste, utan å tapa kundar.

Du er siviløkonom, utdanna ved NHH. Kor mykje data kan du, eigentleg?
– Ha, ha, ler han.

– Eg hadde fordjupning i programmering på NHH. Sat på lesesalen og studerte programmeringsspråk, før det gjekk opp for meg at programmering er noko du faktisk praktiserer.

– ACOS treng ein blåruss også, slik at dei kan få betaling til vidare utviklingsprosjekt, smiler han.

Prioriterer
Etter å 15 år i ACOS har Storheim ei rolle der det er viktig å ha ei overordna forståing av databasar og brukargrensesnitt. Han er med å lagar kravspesifikasjonar, men har heldigvis mange folk som er flinkare enn han til å programmera innhaldet i ”dei svarte boksane”, seier han.

Dagleg leiar har Bent-Inge Storheim vore leiar siste fem åra. Før det hadde han vore innom mange ulike fagområde, noko som har gjeve forståing for korleis kundane jobbar.

– Eg har grunnlag for å prioritera, og systematisera innovasjonsarbeidet vårt. Vi må vera innovative, og alt vi gjer skal på eit eller anna tidspunkt verta noko vi kan selja til mange.

Sjeldan gründer
Då han byrja i ACOS var dei berre ti tilsette, så han fekk lov å følja i hælane til gründer Conrad Hansen.

– Conrad har vore ein veldig god mentor. Han har sluppe oss til, og gjeve tillitt. Aldri drive detaljstyring, men han har alltid vore tilgjengeleg, slik at eg er blitt tryggare i rolla. Eg trur han er ganske sjeldan til gründer å vera, rosar Storheim.

Ikkje rart då, kan hende, at Bent-Inge svarar på tillitten med å tilbringa storparten av dagen på jobben, berre avbroten av ein og annan runde på golfbanen på Kolltveit, eller ein svipptur heimom sambuaren i Skuteviken:

– Eg har ein veldig forståingsfull sambuar, som heldigvis forstår at eg treng jobba veldig mykje, avsluttar han.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s