Bankdirektør i medvind

Som jentunge hjalp Alvhild Tofterå Berge Ingeborg på postkontoret på Døscherholmen med å leggja brev i hyllene og stempla blankettar. Det måtte verta noko med bank eller post med den jenta.

medvind 2 for alvhild tofterå berge(Tek temperaturen på næringslivet – les eiga sak)

I dag er Alvhild Tofterå Berge (49) regiondirektør for personmarknad for SpareBank 1 SR-Bank i Bergens-regionen. I oktober etablerte banken seg på Straume, som den sjette banken på Sotra.

SpareBank 1 SR-Bank kom til Bergen i 2005 og har hatt kundar på Sotra i minst 10 år. Det er likevel først no de har valt å oppretta eige kontor her ute. Kvifor det?

-De treng oss, konstaterer regiondirektøren, overvelda over responsen frå Sotra-strilane etter at ho flytta arbeidsplassen ut av Bergen sentrum.

Sidan etableringa i Bergensregionen i 2005 har dei gått frå 0 til 92 tilsette og har henta inn meir enn 15.000 kundar. Samla utlånsportefølje er på 20 milliardar kroner.

SpareBank 1 SR-Bank er største sparebanken langs sør- og vestlandskysten, og partnar i ein nasjonal bankallianse. Banken er eit komplett finanshus, med alle typar bank- og finanstenester. Ulikt dei fleste andre sparebankar, er dei også store på bedriftsmarknaden, ifølgje Tofterå Berge.

Kvifor skal Sotra-strilen velja SpareBank 1 SR-Bank framfor ein av dei fem andre bankane på Sotra?

– Kundane våre er vel dei rette til å svara på det spørsmålet, smiler ho.

– Vi forstår historien til kundane våre, og ønskjer å veksa saman med dei. Vi lovar å ta eit krafttak for å hjelpa dei å nå måla sine, seier Tofterå Berge.

– Bankane er stort sett like når det gjeld tilbod og system. Kundane må sjå på menneskja som jobbar her, kompetansen vår. Vi har eit offensivt mannskap.

SpareBank 1-alliansen er eigd 10 prosent av LO. Utsikten til å kapra eindel av dei 8.000 – 10.000 LO-medlemmane i Fjell, Sund og Øygarden, var medverkande til etableringa i Region Vest, får eg inntrykk av.

Sterkaste konkurransen møter dei i kampen om bustadlånet. Gjennom 30 år i bank og finans, har regiondirektøren aldri tidlegare opplevd tilsvarande.

Som bankdirektør er det di oppgåve å måla temperaturen på vår lokale økonomi. Kva utfordringar ser du?

– Sotra-strilen er nøktern, og har eit opplyst tilhøve til eigen økonomi, men vi må klara å beherska oss. Det er lett å la seg riva med i heftige bodrundar om bustad- og hyttekjøp når dagens rentenivå er som det er, åtvarar regiondirektøren.

– Lånekundane må ta høgde for eit rentenivå på 5 – 6 prosent, åtvarar Tofterå Berge.

– Dagens unge har aldri opplevd det høge rentenivået som var på 80- og 90-talet. Mange tek difor ikkje høgde for framtidig renteauke. Dei har heller ikkje reflektert over konsekvensane om det skjer. Sjølv har eg opplevd å betala 14 prosent på bustadlånet, seier Tofterå Berge.

– Arbeidsmarknaden no verkar meir usikker enn for kort tid sidan. Arbeidsløyse, og sjukdom, er situasjonar som kan medføra tøffe tak for familieøkonomien, seier regionbankdirektøren som også ser det som si plikt å rådgje kundane.

Privatkundar som søkjer lån vert vurderte etter SIFO sin budsjettmodell. Så får kvar og ein svara på om denne svært så nøkterne forbruksrekneskapen, som også vert nytta av NAV, gjev eit dekkande bilete av akkurat deira private forbruk.

– Vi er veldig tydelege ovanfor kundane på at dei må klara å handtera ufrivillig tap av inntekt i framtida, seier Tofterå Berge.

Veit du kor høg gjennomsnittsgjelda til Sotra-strilen er? Kor høg er snittgjelda samanlikna med inntekta vår?

– Eg vil tru snittgjelda utgjer ein stad kring ein million kroner. Bustadlånet opptek storparten av lånet. Sparing, aksjar og pensjonssparing utgjer beskjedne summar. Fell eigedomsmarknaden, vert det lite eigenkapital til overs.

– Sotra-strilen bør byrja å spara. Som lånekundar må dei tenkja totaløkonomi og portefølje, rår regiondirektøren for personmarknad i SpareBank 1 SR-Bank på Sotra.

Når Sotra-strilar flest har ein solid økonomi, er det i stor grad takka vera ein olje- og offshoresmurt arbeidsmarknad.

– Vi må tenkja tiltak mot arbeidsløyse. Vi må skapa arenaer for utveksling av kunnskap og idear, slik at vi kan få ein breiare arbeidsmarknad enn i dag.

– Unge må oppmuntrast til å ta ei utdanning som kan nyttast på fleire felt. Når dagens 10-åringar skal ut i jobb som 25-åringar, skal dei inn i jobbar som ikkje finst i dag, seier Tofterå Berge.

Kva med kredittkortgjeld?

– Her er vi nok på linje med resten av landet. Fleirtalet av strilane har beina på jorda, og bruker kredittkortet med fornuft. Det finst likevel eindel, særleg ungdom, som får problem, og dei må vi ta på alvor. Ein samtale med oss, kan kanskje bidra til at dei får redusert det høge rentenivået på denne typen gjeld, seier Tofterå Berge.

På privaten
Alvhild Tofterå Berge vaks opp som attpåklatt i ein familie på fem ungar heilt sønst på Tofterøy i Sund. I vaksen alder har Fjellsokningen Bjarte Berge lokka henne så vidt nordom kommunegrensa, til Dala.

Heldigvis for henne vaks ho opp mange år før skulestruktur vart noko tema i Sund:

– Eg var einaste elev i klassen, frå andre til sjette klasse, og hadde læraren si udelte merksemd. Det gjorde noko med meg, seier Tofterå Berge.

Unge Alvhild var ei skikkeleg gutejente, spela mykje fotball og var med på å stifta Hordaland sitt første jentekrinslag i 1980/81.

Kva eigenskapar må til for ei kvinne som ønskjer å verta banksjef?
– Eg tok ansvar tidleg, utan å tenkja over det. Eg har likevel aldri hatt nokon karrieretrong, hevdar ho.

Vegen til bankdirektørstolen starta som avisbod, deretter bensinstasjonen på Kolltveit, før Handelsskulen på Bildøy gav grunnleggjande kunnskap i økonomi. Trygdekontoret i Sund og Fjell vart neste stopp. Sidan har ulike jobbar innan trygdesystemet, Bergen Bank på Straume og forsikring veksla med relevant utdanning. BI tok ho på kvelden over seks år.

Første leiarjobben fekk ho alt som 25-åring, i Vesta Forsikring i 1991. I Storebrand var ho einaste kvinne i den nasjonale leiargruppa på 24.

– Eg har ikkje hatt andre kvinner å samanlikna med, men eg trur ikkje eg har vore like kynisk som mange menn kan vera. Eg har jo eit hjarte som er oppteke av at også medarbeidarane skal lukkast, seier regiondirektøren.

Einskilde vil sikkert oppfatta spørsmålet i seg sjølv som diskriminerande, men går det greit å kombinera familie med jobben som bankdirektør?

Etter at dei to døtrene, no 14 og 18, kom til, gjekk Alvhild Tofterå Berge over til normal arbeidstid. Men arbeidet gjer seg ikkje sjølv. I staden vert det å dra tidleg heim for å kjøra ungar hit og dit, og så heller finna fram PCen på kvelden, når ungane har lagt seg.

– Eg har fått utruleg god støtte hos familien. Dei har skjønt kor utruleg krevjande det kan vera å vera leiar, rosar ho.

Innimellom vert det tid til ein rask tur på Liatårnet. Fotball spelar ho no berre frå sidelinja. Båtturar på sommaren vert det eindel av, gjerne til Sogn, der familien stortrivst på den fråflytta familiegarden på veglause Måren, høgt over Sognefjorden. Cruise i eksotiske Karibia har familien og fått med seg.

Politikk har ho så vidt vore innom. I perioden 2003 – 2007 representerte ho Sotralista i kommunestyret. Slik fekk ho vera med å vedta Straumeplanen.

Som bankdirektør skal ho vera med på å finansiera utbygginga av heile regionen.

Til sist, kan du anbefala god februar-litteratur til Tunnelsyn sine lesarar?
– På nattbordet ligg det til ei kvar tid åtte – ti bøker om leiing. Eg er nyfiken og likar litteratur som kan hjelpa meg å operasjonalisera kvardagen.

– ”Good to Great” av Jim Collins, kan anbefalast, seier ho.

– Konkursen i Fannie Mae, ei av utlånsverksemdene som Collins rosar opp i skyene, var seinare med på å utløysa finanskrisa i USA i 2008. Kva tenkjer du om det?

– Det har eg ikkje fått med meg.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s