Båthamn til folk flest

Behov for fleire båthamner er eitt heitt tema i arbeidet med ny arealplan i vekstkommunen Fjell. Første båthamna i kommunen var Fjell Båtlag sitt anlegg på Døsjo. Kjell Dønheim er ein av eldsjelane som har jobba dugnad for å få på plass anlegget, som vart innvigd i 1982.

kjell dønheim 1_webDønheim er for dei fleste fjellsokningar best kjend som leiar for Fjell Båtlag, ein organisasjon der han har vore med i styret i lange periodar heilt sidan starten i 1978.

Trong ikkje marknadsundersøkingar
Nyinnflytta i Fjell sakna Dønheim ein stad å ha båten. Eit sonderingsmøte for likesinna samla 48 deltakarar på på Foldnes skule – sjølv vart han medlem nr. 2.

Døsjo vart tidleg peika ut som ein ideell lokalisering. Her kunne båtane liggja i le for uver frå dei fleste retningar. Å få på plass det første anlegget var likevel ei utfordring. Laget mangla pengar, så nokre av styremedlemmane måtte gå inn og garantera for lån.

– Vi hadde ikkje eingong pengar til frimerkjer, så vi kjørte rundt med breva til styremedlemmane, mimrar han.

Svært god økonomi
Lånet rakk til to bryggjer, med til saman 30 båtplassar. Etterkvart har anlegget vakse til 107 båtplassar. Klubbhuset husar greit 35 – 40 personar og vert mykje nytta i sosiale samanhangar. Mesteparten av arbeidet er gjort på dugnad. 1000-vis av timar. Garantistane er for lengst løyste ut, og leiaren karakteriserer dagens økonomiske situasjon som svært god.

Kva krevst av ein person som vil etablera og byggja opp eit slikt anlegg?

– Du må vera flink til å få folk med deg, til å organisera ting, og få ting på skinner. Helst bør du vera god til å følgja opp, også, men der er eg visst ikkje fullt like god, seier han og refererer til evalueringar frå arbeidslivet.

Heldigvis for Fjell Båtlag, hadde laget i startfasen ein formann som heitte Atle Hansen og som hadde same entusiasmen og pågangsmotet.

Rett timing
– Timinga var rett. Vi trong ingen marknadsundersøkingar. Folk stod i kø. Ikkje før hadde vi lansert tiltaket, poppa det opp med kommersielle prosjekt rundt oss, seier Dønheim.

To andre marinaer kjempar i dag med Fjell Båtlag om å fylla Bildepollen/Døsjo med små og store båtar.

I Fjell Båtlag var det meir sosialt enn i dei kommersielle marinaene, meinar Dønheim. Båtlaget pleide ha årlege turar og festar. Medlemmane stilte opp og tok eldre, funksjonshemma og flyktningar med på båttur for visa dei Sotra. Lunsjen på Ran var gjerne høgdepunkt på turen.

Båtlaget hadde lenge ein stabil medlemsmasse. Dei seinare åra har turnoveren i medlemsmassen likevel auka, som følgje av aldersfråfall. Medlemstalet har no passert 400, fortel Dønheim.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.