Etterlyser norske amigos

Endre Våge hadde planen klar. Han skulle på spanskkurs, og så skulle han utforska Sør-Amerika. Han kom ikkje lenger sør enn til Guatemala før han vart fanga av verdsdelen sin magiske realisme. Slik vart han ”far” til ein barneheim med 16 ungar.

Leksehjelp_CHF_2010– Eg hadde knapt kome innom døra før eg vart ”adoptert” av ein 5-åring. Han fann meg, og tok straks ei sjefs-avgjerd, smiler Endre Våge ved minnet om første vitjinga på barneheimen Casa Hogar Feliz i 2007.

Makrell i tomat
Kvar einaste ferie siste fem åra har Endre Våge vore hos ”sine” ungar i fjellandsbyen San Andres Semetabaj. Når andre pakkar kofferten med ferieklede, fyller han ryggsekken med 75 boksar makrell i tomat og 10 boksar nugatti. Luksusmat i den fattige mayalandsbyen der kvardagskosten er samansett av mais og bønner.

Naturkatastrofe
Barneheimen vart grunnlagt av norske Unn-Lisbet Jensen-Muj etter at eit jordras hadde utsletta nabolandsbyen i 2005. Meir enn 1000 personar omkom, og mange ungar vart foreldrelause.

Tilfellet ville at Endre hadde budd på hospitset til Jensen-Muj to år tidlegare då han gjekk på spanskkurs i Guatemala. Etter naturkatastrofen vart han gradvis meir og meir involvert i hjelpearbeidet. No er han styreleiar for den norske veneforeininga som finansierer drifta av barneheimen.

Yrkesutdanning
16 ungar i alderen 12 til 17 år har no heimen sin på Casa Hogar Feliz. Barneheimen har hatt inntaksstogg etter at den norske grunnleggjaren døydde i 2013.

– Målet er å sørgja for at ungane vi har ansvar for får ei yrkesutdanning, i det minste, slik at dei etterkvart kan klara seg sjølv, seier Endre Våge.

Vanskeleg start
Utdanning er dyrt i Guatemala. Den offentlege skulen og krev skulepengar.

Mange av ungane fekk ein vanskeleg start i livet, og treng difor individuelt tilpassa undervisning. Barneheimen har henta inn psykolog og anna fagutdanna personell som er kvalifiserte til å hjelpa ungar som er traumatiserte som følgje av mishandling, misbruk eller rusa foreldre.

– 30 år med borgarkrig, har sett sine spor i folkesjela. Rusproblematikk er ikkje uvanleg i mayafamiliar. Eg har fått innsyn i skjebnar som eg inderleg hadde ønska at eg ikkje visste noko om, seier Endre Våge.

Kvifor gjer du dette? Kva er det som driv deg?

– Objektivt sett går det an å spørja kvifor eg skal bala med dette? Dette er ikkje eit prosjekt eg har planlagt eller lett etter eller har føresetnad for. Slikt er noko du ikkje forstår før det treff deg, seier han.

– Det er skremmande å merka at eg verkeleg betyr noko, og sjå kva ansvar eg har med å sikra ei stabil inntekt til desse ungane.

– Min eigen egoisme er og noko av forklaringa. For meg som ikkje har eigne ungar er det ufatteleg kjekt og utruleg gjevande å sjå kor lite som skal til for å gleda desse ungane! Dei som har opplevd ein norsk julekveld med ungar som rekk å gå lei før alle gåvene under juletreet er pakka ut, vert varm om hjartet over ei slik mottaking som eg får her, seier han.

Rekruttering på sosiale media
På bloggen sin fortel ”Indern” Endre Våge laust og fast frå besøkja i Guatemala. Slik freistar han å rekruttera nye amigos:

– Casa Hoghar Feliz treng 50 – 100 nye fadrar neste treårsperioden, konstaterer styreleiaren.

Den skreddarsydde dressen han freistar auksjonera vekk, har han framleis ikkje fått bod på. Innsatsen på sosiale media har like fullt gjeve resultat: Nyleg sikra han ein gjevar som ønskjer å finansiera kjøpet av ei vaskemaskin – ein sjeldan luksus mellom maya-indianerane i fjella i Guatemala.

Genuint folkeliv
Dei årlege besøka inneber at Endre Våge har reist eindel i Guatemala. Slik får han eit heilt anna inntrykk av landet enn om han hadde reist som vanleg turist. Han tek gjerne chickenbus, for å oppleva genuint folkeliv, og sjå dei store kontrastar mellom fattig og rik.

Endre Våge har fått laga to bøker om Casa Hogar Feliz som han gjerne viser til andre ungar.
Endre Våge har fått laga to bøker om Casa Hogar Feliz som han gjerne viser til andre ungar.

– Eg har blitt kjend med veldig mange, men er framleis avhengig av å verta introdusert for å få innpass. Å overvinna ungane sin skepsis mot gringos er særleg kjekt, smiler han.

Livssynsnøytral
Fleirtalet av innbyggjarane i San Andres Semetabaj er maya-indianarar. Nær 500 år med spansk styre har gjort katolisismen til offentleg religion, sjølv om dei gamle religiøse tradisjonane framleis lever.

Sjølv har Endre Våge hatt ein trygg oppvekst i Vestlandske Indremisjon, som yngst av dei sju ungane til den kjende predikanten Olav Våge. Han avviser likevel at engasjementet har bakgrunn i indremisjonen sitt kall om å spreia den rette trua. Her snakkar vi om mat, klede og tak over hovudet. Casa Hogar Feliz er livssynsnøytral, forsikrar han.

Her finn du Casa Hogar Feliz si heimeside.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s