På Riksrevisjonen si OBS-liste

Fjell kommune er på Riksrevisjonen si OBS-liste over kommunar med høg lånegjeld samanlikna med driftsinntektene.

Det var sist veke at riksrevisor Per-Kristian Foss gjekk ut og åtvara om den alarmerande gjeldsauken i norske kommunar. 75 kommunar, derimellom Fjell, har lånt så mykje pengar at dei er på grensa til ikkje å vera økonomisk berekraftige.

Tilsvarar driftsinntektene
Lånegjelda til Fjell kommune har blitt tredobla sidan 2005. Lånegjelda utgjer no 1,4 milliardar kroner, eller tilnærma 100 prosent av driftsinntektene, ifølgje siste økonomirapporten frå kommunen.

Må kutta
Høg lånegjeld set grenser for politikarane sin økonomiske handlefridom. I kombinasjon med svakt driftsresultat og små disposisjonsfond, kan det føra til at lovpålagte tiltak vert kutta inntil beinet for å frigjera midlar til andre føremål.

Sel nedlagte skular
Så langt er det skulesektoren det har gått verst ut over. For å frigjera pengar har Fjell vedteke å leggja ned fem småskular og sentralisera elevane. No sel kommunen unna dei tomme skulebygga for å redusera behovet for ytterlegare låneopptak.

Over kneika?
Rådmann Steinar Nesse freista i siste kommunestyremøte å roa de folkevalde med at gjeldsveksten har passert toppnivået, og viser til den førebelse rekneskapen for 2014.

Vi ventar i spaning på den reviderte rekneskapen for fjoråret.

Advertisements

5 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.