Ny nettavis for Sotra og Øygarden

Undrast du på kva som skjer på Sotra og i Øygarden? Nettavisa Tunnelsyn lovar å visa kommunane vestom bruna i 3D. Vi skal fortelja historiane bak dei offisielle glansbileta. Vi er på innbyggjarane si side.

Byutviklinga på Straume, Straumsundet. Tunnelsyn har lagt stein på stein gjennom fleire år. No er vi klar til å ta steget over frå blogg med fokus på Straume, til nettavis med lesarar i heile Fjell, Sund og Øygarden.

Menneska, politikken og næringslivet
Sotra og Øygarden er lokalsamfunn under press frå byutviklinga. Regionen treng ei nr. 2 avis som kan nyansera biletet av korleis samfunnet vårt ser ut!

Tunnelsyn vil fortelja historiane om menneska, politikken og næringslivet, og følja opp med dei treffande kommentarane.

Difor valde vi måsen.

Vi lovar stadig hyppigare oppdateringar. Tunnelsyn skal verta den nye nettavisa for Sotra og Øygarden!

Til det treng vi di hjelp!

Kontakt oss!
Brenn du inne med ein god historie? Er det saker du gjerne vil vita meir om? Kontakt Tunnelsyn.no på mobil 909 44 431 (Liv Strømme), eller på epost: tunnelsynred@gmail.com

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s