Folkeveksten stoppar opp

Statistikken for folketalsutviklinga i Fjell, Sund og Øygarden for 2014 er dårleg nytt for vekstprofetane.

Dette viser samanstillinga Tunnelsyn.no har gjort av SSB sine kvartalsvise statistikkar for folketalsutviklinga i norske kommunar i 2014.

Medan dei tre kommunane i 2013 fekk heile 837 nye innbyggjarar, var folketalsveksten i fjor redusert til 721 personar, ein nedgang på nær 14 prosent.

Veks raskast
Innvandrarar frå utlandet er den gruppa som hadde prosentvis sterkast vekst. Netto innvandring på 228 personar inneber ein auka i vår globale folkesetnad på nær 70 prosent.

Talmessig største kjelda til folkeauke, så vidt det var, var tilflytting frå andre norske kommunar. Stor mobilitet, med 2050 innflyttarar og heile 1805 utflyttarar, sikra eit netto tilskot på 245 nye innbyggjarar.

Eit fødselsoverskot på 244 personar var nest største kjelda til folkevekst i fjor.

Øygarden
Klart sterkast var reduksjonen i folketalsveksten i Øygarden, som i fjor berre fekk 29 nye innbyggjarar, samanlikna med 141 året før. Ved utgangen av fjoråret hadde kommunen 4.733 innbyggjarar.

Her vart det berre fødd ein unge meir enn talet på døde. Det var og fleire som flytta ut av kommunen og til andre norske kommunar, enn det var som flytta til Øygarden. Innvandring frå andre land sikra at kommunen likevel kom ut av året med netto folkevekst.

Unge familiar i Sund
Mange barnefamiliar sikra Sund eit solid fødselsoverskot i fjor. Men også her var talet på innvandrarar større enn talet på nyfødde.

Fleire personar valde i fjor å flytta vekk frå Sund, enn som flytta til. Ein folkevekst på 117 personar sikrar at Sund no har 6752 innbyggjarar.

Transittkommune
Fjell er den kommunen som talmessig sett kom best ut av fjoråret. 575 nye fjellsokningar i 2014 er akkurat like mange som året før.

Kommunen er den av kommunane som har største fødselsoverskotet, med 184 nye verdsborgarar. Det er i Fjell vi også finn største innvandringsoverskotet. Nær seks av ti innvandrarar til dei tre kommunane i fjor, 131 personar, valde å busetja seg i Fjell.

Med 1440 innanlandske tilflyttarar og heile 1185 utflyttarar er Fjell i ferd md å utvikla seg til ein transittkommune. i underkant av sju prosent av innbyggjarane vart skifta ut i fjor.

Det var 24427 innbyggjarar i Fjell ved utgangen av fjoråret.

Fjell, Sund og Øygarden hadde til saman 35912 innbyggjarar ved siste årsskifte.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.