Får kritikk frå Eldrerådet

Eldrerådet i Fjell kritiserer Fjell kommune for sakshandsaminga i samband med kjøpet av 10 husvære i Straumehagen til omsorgsbustadar. Vedtaket vart gjort utan at Eldrerådet hadde fått uttalt seg i saka.

– Eldrerådet skal gje uttale i alle saker som gjeld levekåra for eldre, noko som ikkje har skjedd i denne saka, heiter det i vedtaket i Eldrerådet 26. januar i år.

Det var i det sterkt avkorta møtet like før jul at kommunestyret i Fjell vedtok å kjøpa dei ti husværa i Straumehagen. Grunna tidspresset vart vedtaket gjort utan debatt i kommunestyret.

Utan anbod
Samla kjøpesum er 26,5 millionar kroner, korav Fjell kommune må ut med 15,1 millionar kroner.

Kjøpet skjedde utan anbod. Seljar er Sartor Holding, OBOS og Veidekke.

Renter og avdrag på lånet skal finansierast over husleiga, ifølgje vedtaket i kommunestyret.

Dekkast av husleiga

Husværa i Straumehagen er noko større enn det som er standard for omsorgsbustadane i kommunen, og vil difor venteleg få noko høgare husleige. Korvidt dette vil verta dekka av ekstra butilskot, er usikkert.

Maksimal husleige på Straume Bu og Servicesenter utgjer i dag 8.240 kroner månaden for eit 55 kvadratmeter stort husvære.

Eldrerådslova
Det er Eldrerådslova som regulerer kva sakar rådet skal ha medverknad i. Lova tilseier at tiltak og planar innan helse- og sosialsektoren, og bustadutbygging, er døme på saker som bør leggjast fram for rådet før endeleg vedtak vert fatta.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.