Fridomen sine kvite lys på himmelen

Folk spør no om så mykje: Etter at eg gjekk ut og kunngjorde at Tunnelsyn.no skal verta nettavis, har spørsmåla stort sett dreia seg om kvifor eg har valt å ha ein måse som identitetsmerkje.

20141111_måse
Måsen er Tunnelsyn sitt kjenneteikn. Symbolet på ein fri medikanal som kan tillata seg å sjå hendingane ovanfrå.

Måsen knyter Tunnelsyn.no til kysten, området der hav møter land, bølgjer skyller over berg og grønt gras veks der ingen skulle tru at nokon kunne brødfø seg.

Måsen er heimehøyrande på vestlandskysten. Samstundes er han på mange måtar internasjonal. Eg har møtt måsar på Kapp det Gode Håp, og på strender som Sør-Kina havet veltar innover. Måsen er første livsteiknet som møter sjøfarande etter at dei har kryssa eit verdshav.

Odd Børretzen hata måsar for deira ”skal ha, skal ha”. For meg er måsen fridomen sine kvite lys på himmelen. Dei flyg høgt, har full oversikt og veit å stupa ned for å plukka med seg dei sjeldne godbitane…

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.