Må heile folkeveksten skje på Straume?

Det er ingen akseptabel grunn til at ordførar Eli Berland (H) og leiar for komite for plan og utvikling Tom Georg Indrevik (H), skal få lov til å byggja ned hagane på Straume.

Tunnelsyn.no har lenge vore skeptisk til dei stadig meir oppblåste prognosane for folkevekst i Bergens-området. I dag kom meldinga om at Hordaland fylkeskommune jekkar ned forventningane.

Overbyr SSB
– I sum er Hordaland venta å vekse med 1,3prosent per år frå 2013 til 2035. Dette er noko under nivået i fjorårets prognose (1,5 prosent). I reelle tal ventar vi ein stadig aukande folkevekst frå år til år, men differansen frå eit år til det neste vil gradvis bli litt mindre, og målt i prosent av folketalet, vil veksten gå ned, skriv fylkeskommunen sin avdeling for analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD).

Samla vekst i folketalet i Bergensområdet fram til 2035 vert no stipulert til 165.000. Eit tal som framleis ligg høgt over SSB sine offisielle anslag.

Høg innvandring
Snart er det berre innflyttarar frå utlandet som sikrar folkevekst i Hordaland. Den høge innvandringa vi har sett dei siste åra vil halda fram. Differansen mellom eit Hordaland med eller utan innvandring, vil i 2035 vere på heile 133 740 innbyggjarar, ifølgje AUD.

Stoggar innvandringa opp like brått som ho tok til, kan konsekvensen verta at folkeveksten tørkar inn til ned mot berre 56.000 nye hordalendingar neste 20-årsperioden.

Utviklinga i offshoreindustrien, og talet på nye arbeidsplassar, vil vera viktigaste faktoren for korleis fasiten vert.

Redusert bustadbehov i Fjell
Folkeveksten tilseier at det vil verta behov for 22780 nye bustadar i Bergens-regionen fram mot 2035, har AUD rekna seg fram til i ein parallell rapport.

I Fjell aleine vil bustadbehovet auka frå dagens 8400 til 13.200.

Planlagt overkapasitet
Behov for 4.800 nye bustadar kan høyrast mykje. AUD sitt anslag avslører imidlertid at det reelle behovet for bustadar I Fjell berre er halvparten så høgt som talet på bustadar som alt er planlagt i kommunen. Vedtekne planar i Straume-/Bildøy-området og i Ågotnes aleine inneber over 6.000 nye bustadar.

Den nye arealplanen som er under arbeid, opnar nye 1000 dekar, med 1.500 – 2.000 nye bustadar for utbygging. I tillegg vert det lagt opp til å utarbeida ein ny kommunedelplan for nordre delen av Litle Sotra. Ein plan som fort kan enda med ytterlegare 10.000 nye bustadar.

Planlegg oss til fant
Ikkje alt vil verta bygd, som Tom Georg Indrevik seier. Å planleggja for ein slik vanvittig overkapasitet er likevel langt utover det som er naudsynt, sjølv for ei robust samfunnsplanlegging.

Fjell kommune driv ei unødvendig bustadplanlegging som kostar både kommune og utbyggjarar dyrt.

Bryt med gjeldande politikk
Behovet for einebustadar vert stort, får dagens bustadutbyggingsmønster lov å halda fram. Ei utvikling som bryt med den gjeldande politikken om auka fortetting, hevdar AUD.

Største drivaren for bustadbygginga vil vera auken i talet på einperson-hushald. Stadig fleire av oss lever aleine i stadig lengre periodar av livet. Unge flyttar heimefrå, men vel å bu aleine. Arbeidsinnvandrarar pendlar heim til familien. Eldre som mister sin livspartnar vel å leva einsleg resten av livet.

I Fjell aleine vil denne utviklinga føra til behov for meir enn 2.000 bustadeiningar, føreser AUD.

Riving av einebustadar
Den gjeldande Høgre-politikken tilseier at vi skal byggja tett. For Fjell sitt vedkomande inneber det å byggja by kring det privateigde handlesenteret Sartor Senter.

Tom Georg Indrevik har alt varsla ein nær føreståande revisjon av Kommunedelplan for Straume.

Så tettbygd som bygda alt er, er det vanskeleg å sjå korleis kommunedelplanen kan reviderast utan at det vert lagt opp til omfattande nedbygging av hagar og riving av eksisterande einebustadar og hytter.

Massive protestar
Innbyggjarane er skeptisk, for å seia det mildt. Fortettingsplanane har blitt møtt med massive protestar, både av Innbyggjariniativet Bevar Straume og av Bildøy Hyttelag.

Sentralisering på Straume

Må heile veksten i Fjell skje i Straume-området?

Medan bustadutviklinga i Kleppestø nærast har stogga opp grunna mangel på næringslivsinteressentar, vert bustadutviklinga i Straume-området driven av Sartor Holding AS og Lie-gruppen AS. Begge næringslivsinteressentane har solid fotfest i “regjeringspartiet” Høgre.

Skal Straume-området måtta lida for at politikarane i Askøy, Sund og Øygarden ikkje klarar å verta samde om nye planar for bustadbygging?

Demokratisk utmatting
Dei politiske partia, med Høgre i spissen, ønskje om å revitalisera demokratiet. Tenkjetanken Civita ønskjer til og med å revurdera den eksisterande valordninga.

At det kan vera den rådande politikken mellom vala som er problemet, har tydelegvis ikkje falt dei inn.

Her på Straume har vi siste tiåret gjentekne gongar opplevd korleis politikarar og administrasjon i fellesskap har motarbeida innbyggjarar som ønskjer å påverka lokalmiljøet vårt. Klagene våret vert lagt til side. Underskriftskampanjane våre vert ignorerte, og det verkar mest av alt som om dei som styrer kommunen kjører ein medviten utmattingskampanje mot innbyggjarar i kommunen som ønskjer å engasjera seg i utviklinga av lokalsamfunnet.

Når folkeleg engasjement vert møtt med slik motstand, slit det, ikkje overraskande, på demokratiet!

Politisk korrupsjon

Oss i mellom snakkar vi om alt det rare som skjer i Fjell kommune.

For oss som har fått ørsmå gløtt bak fasaden, verkar det som om favorisering av næringslivsaktørar innan eige politiske parti er blitt mantraet til vårt lokale regjeringsparti.

Haldninga har smitta til andre politiske parti. No gjeld det tilsynelatande å nominera flest mogeleg ”dynamittgubbar” til dobbeltroller i det nye kommunestyret.

Transparency International
Innbyggjarane i Fjell snakkar om politisk korrupsjon.

Folkemeininga er i samsvar med Transparency International sin korrupsjonsindeks. Her framkjem det at nordmenn sin skepsis til det politiske miljøet aukar eksplosivt. I 2013 svarte heile 41 prosent av alle norske borgarar at norske politiske parti enten var korrupte eller veldig korrupte. To år før var talet 26 prosent.

Det er berre ein grunn til at Høgre vil freista driva fram ei ytterlegare fortetting i Straume-området.

2 thoughts on “Må heile folkeveksten skje på Straume?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.