– Brurasteinane er vekke for alltid

Det er for seint å berga Brurasteinane. Dei vart sprengt vekk alt tidleg på 1970-talet. Det seier John Kjell Fjeld.

Soga om Brurasteinane har engasjert. Sidan eg la ut saka sist veke har det strøymt på med innspel om kvar dette viktige kulturminnet om besteforeldregenerasjonen si kyrkjeferd er å finna.

Sist ut er Fjellamannen John Kjell Fjeld. Han meinar bestemt at Brurasteinane låg akkurat der Blommabrekka startar. Steinane – det var to stykker – vert sprengt vekk då vegen vart utvida i samband med opninga av Sotrabrua tidleg på 1970-talet, seier han.

– Staden bør skiltast, slik at komande slekter kan få med seg historien. Dette er særleg viktig all den stund at byggjefeltet som skal koma her faktisk heiter Brurasteinane, seier Ole-Konrad Ekerhovd.

Fjeld brenn elles inne med mange lokale namn frå heimbygda; Kven er det som i dag veit kvar Tausabekkjen og Ølkaggjen låg?

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.