Vil ha innfartsparkering ved gamleskulen på Fjell

Innfartsparkering på skuleplassen på Fjell vil kunna halda eit 100-tals bilar unna køane på Straume. Busstoppet like utanfor skuleporten er garanti for at tilbodet vil verta nytta, seier Ole-Konrad Ekerhovd og John Kjell Fjeld i Eldrerådet.

Køsituasjonen på Straume den siste tida har aktualisert behovet for eit tilbod om innfartsparkering vest for Kolltveittunnelen.

Tilrådd av Eldrerådet
Eldrerådet i Fjell har behandla saka, og tilrår at skuleplassen på Fjell gard vert nytta til innfartsparkering, i første omgang som ei prøveordning. No har dei sendt ballen over til kommunen, og seniorrådgjevar Willy Sørensen.

Busstopp utanfor skuleporten
-Bussen stoppar like utanfor skuleporten. Buss til Straume og Bergen går det kvar halvtime, seier leiar Ole-Konrad Ekerhovd til Tunnelsyn.no.

Saman med John Kjell Fjell og dei øvrige medlemmane i Eldrerådet ser Ekerhovd berre fordelar med ei slik ordning:

Her der det god plass til eit 100-tals bilar, smiler Ole-Konrad Ekerhovd og John Kjell Fjeld i Fjell Eldreråd.
Her der det god plass til eit 100-tals bilar, smiler Ole-Konrad Ekerhovd og John Kjell Fjeld i Fjell Eldreråd.
Omtrent gratis
– Skuleplassen tilhører kommunen, og er stor nok til å romma eit 100-tals bilar. Tilbodet vil vera nesten gratis å opparbeida, seier dei to.

Den gruslagte delen av plassen bør asfalterast, og plassane merkjast opp, men utover det trengst det ikkje tilretteleggjing.

Inn- og utkøyring kan skje via innkøyrsla til butikken på Fjell.

Sleppa ståplass
– Tilbodet vil først og fremst vera retta mot innbyggjarar på vestsida, og i Søre Fjell og Sund. Men også folk frå Ekerhovd og Lie vil finna dette interessant, seier Ekerhovd.

– Vonaleg vil tilbodet verta så populært at vi får fleire bussar, slik at folk slepp å stå heile vegen til byd´n, seier Fjeld.

Utvidingspotensiale
Skulle Ekerhovd og Fjeld sine forvetningar slå til, er skuletomten meir enn dobbelt så stor som sjølve skuleplassen.

– Resten av tomten vil vera lett å opparbeida, smiler dei to.

Les også:
Forhandlar om park&ride på Straume</a>
Tilrår park&ride på Ågotnes og Fjell Gard

Ryk&reis for park&ride

6 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s