Dagens sleivspark: Snailmail frå Rådhuset

Det hender frå tid til annan at eg mottek post i papirkonvoluttar, fysisk levert i postboksen min på OBS-en. Fjell kommune er mellom dei som framleis nyttar denne historiske måten å overbringa viktige bodskap.

Breva frå Rådhuset er oftast i kategorien: svar innan 3 veker om du ønskjer å ivareta interessene dine.

Svarfreisten underordna
Det er fri sikt og mindre enn 500 meter frå Rådhuset til OBS. Med så kort avstand skulle ein tru at breva var framme same dag dei var poststempla. Slik er det ikkje i Fjell. Viktigheten i innhaldet står i sterk kontrast til sendemåten kommunen har valt.

Oftast tek det ei veke frå breva er daterte og til dei landar på skrivebordet mitt. Lat meg nemna dei to siste eksempla: Brev datert 5. mars, motteke 12. mars. Brev datert 18. mars, motteke 24. mars.

Kvalitetssikring
Offentlege tenester skal målast og kvalitetssikrast. Eg antek at det også er tilfelle med postgangen i Fjell. Vonaleg noterer rette vedkomande seg dette bidraget.

Oss i mellom, eg trur «rette vedkomande» veit det alt: No står det i breva at svarfreisten er tre veker etter at brevet er motteke.

Sneglen vinn!
Ein kommune som rosar seg av å vera langt framme på alle område, bør tilby innbyggjarne sine ei tidsmessig meldingsteneste frå Rådhuset. Hadde rådmannen lyst ut konkurranse om kven som leverte raskast, postbodet eller ein snegl, ville eg ha halde på sneglen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s