Kulturminna sin beskyttar

Sotra-strilen er bokstaveleg talt i ferd med å riva og sprengja vekk historien sin. Siste 40 – 50 åra har kanskje så mykje som halvparten av dei lokale kulturminna blitt vekke som følgje av den raske utbygginga, seier fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd til Tunnelsyn.no.

per morten ekerhovd_webFylkeskonservatoren har som oppgåve å registrera og ta vare på kulturminne med historisk verdi i nasjonal, regional eller lokal samanhang.

I ei tid der det offentlege legg stadig større vekt på å måla og dokumentera tenestene sine, er det med aukande uro fylkeskonservatoren registrerer det rekordraske tempoet i raseringa av kulturminne i Fjell.

– Svinnet av kulturminne er mykje større på Sotra, og særleg i Fjell, enn i resten av Hordaland, konstaterer han.

Gamle naust, sjøbuer, løer og lemstover bygd etter 1850 er under stort press som følgje av den raske urbaniseringa. Bygga vert vekke eitt for eitt. Kvar einskild sak er kan hende ikkje så viktig, men når det vert 50 og 100 saker byrjar det å verta eit problem, konstaterer fylkeskonservatoren.

– Stortinget har vedteke at ei bærekraftig forvaltning av lokale kulturminner ikkje tillet at det årlege tapet overstig 0,5 prosent. Det som skjer på Sotra, og særleg i Fjell, er ikkje bærekraftig, held fylkeskonservatoren fram.

Knapphets-ressurs
Sotra-samfunnet har vunne mykje når det kjem til arbeidsplassar og busetnad siste tiåra, men har også betalt ein høg pris. Utviklinga har sett i spel mange av dei fantastiske kvalitetane ved det karakteristiske øylandskapet, seier Ekerhovd.

Samanliknar du dagens kystlandskap med bileta Widerøe tok av same områda tidleg på 1960-talet, framstår endringane som dramatisk. Mykje av det fine kystlandskapet, med bygg som vitna om fiske og sjøvegs ferdsel, er forsvunne for alltid. Det veglause landskapet vert pressa stadig lenger vest.

– Sotra-landskapet er under press. Mange eldre bygg og grøne bøar har alt blitt vekke. Den langsiktige historieforteljinga forsvinn. Strilen får ikkje lenger tilgang til historiske opplevingar rett utanfor stovedøra.

– Ser vi framover i tid, vil det ikkje vera knapphet på vegar eller kjøpesentre. Tilgang til sjø, gamle hus og historiske kulturlandskap vil derimot verta mangelvare, føreser han og trekk parallellen mellom Sotra og Oslofjord-området.

Kulturminneplan
Dei raske, store samfunnsendringane i Fjell underbyggjer behovet for ein kulturminneplan. Ein kulturminneplan vil kunna balansera dei mange ulike interessene i arealplanarbeidet, i motsetnad til i dag der nærings- og bustadinteressene oftast har forkøyrsrett.

Fylkeskonservatoren er oppteken av framstilla kulturminna som ein ressurs; ein ressurs til kunnskap, oppleving og bruk.

Kulturminne frå tida før reformasjonen i 1537 er automatisk freda. I Norge snakkar vi typisk om spor etter busetnad frå stein- og jarnalderen, som vi finn mange av på Sotra, mellom anna på Vindeneskvarven og Nordre Bildøy.

– Sotra har ei viktig oppgåve med å ta vare på Europa sin eldste historie. Få andre stadar i Europa kan visa til noko liknande som desse stadane, seier Ekerhovd.

Bygg frå tida etter 1537 kan fredast etter vedtak, noko Fjell Festning er eit fint døme på.

Historiske hus og landskap frå tida etter 1850 har ikkje anna vern enn det kommunen og eigaren gjev dei. Her vil kulturminneplanen kunna definera viktige køyrereglar og gje grunnlag for forhandlingar i samband med utarbeiding av framtidige reguleringsplanar.

Kultursjef Lennart Fjell har fremma forslag om ein kulturminneplan. Går finansieringa i orden, kan arbeidet ta til alt ved årsskiftet.

Snakk opp kulturminna!
– Spør Sotra-strilen om han kan tenkja seg landskapet utan desse gamle nausta. Eg trur det vert vanskeleg.

– Vi må snakka opp kulturminna våre, oppfordrar han. Og vi må setja meir pris på dei gode, frivillige entusiastane i kulturminnevernet på Sotra.

Sjølv kystlandskapet er under press:
– Det særeigne kystlandskapet med vide lyngheiar har stort potensiale for landskapstilpassa bebyggelse som vidarefører gammal kunnskap om vindretning og klima. Vi kan ikkje sprengja vekk eit slikt landskap, seier fylkeskonservatoren som sjølv er utdanna arkitekt og visepresident i Norske Arkitekters Landsforbund (NLA).

– Fjell kommune har gjort ein veldig god jobb når det gjeld Fjell Festning. Eg håpar at ein kan leggje til same innstillinga til grunn når det gjeld forvaltning av kommunen sitt kulturhistoriske landskap, seier Ekerhovd.

Det er særleg områda i og rundt kommunesenteret som er pressa. På sikt er det råd å sjå for seg same utfordringa i resten av kommunen. Kjem ein litt mot vest kan ein framleis oppleve fantastiske landskap som vert tekne vare på av flinke eigarar. I den nye kommuneplanen er kommunen oppteken av heilskapen av grender og gardar, og det er bra tenkt.

Nordre Bildøy – automatisk freda?
Private næringsutviklarar ønskjer å byggja by på Nordre Bildøy, eit område med mange automatisk freda kulturminne. Hytteeigareane spør seg korvidt atuomatisk freda kulturminne faktisk er freda?

– Byplanane er initiert av private. Det at kommunen har vedteke kommunedelplan for Nordre Bildøy, gjer desse planane til eit viktig samfunnsføremål, seier Ekerhovd.

Bildøy ligg midt inne i eit fjordsystem som er rikt på fisk og andre naturressursar. Det bør ikkje overraska nokon at det finst mange spor av Sotra-strilen sin tidlege historie her.

I slike situasjonar vert Riksantikvaren beden om å frigje automatisk freda kulturminne, etter utgraving og dokumentasjon. Fylkeskonservatoren kjem med tilråding i kvar einskild sak. Planen for Nordre Bildøy samanliknar fylkeskonservatoren med utbygginga av ferjefri E39. Eit veganlegg som kjem til å gå hardt ut over kulturminna langs heile traseen.

Forhandlingane med Fjell kommune om dei automatisk freda kulturminna på Nordre Bildøy er i sluttfasen, men ikkje endeleg avgjort, kan Ekerhovd fortelja.

– Det er ikkje slik at kulturminne trumfar alle andre samfunnsinteresser. Fjell er i sterk vekst og treng ny bruk av gamle areal. Spørsmålet vert korleis integrera det gamle i det nye, seier han.

– På Nordre Bildøy skal utvalde område med spor etter dei første strilane få lov til å liggja i fred. Det same skal arealet rundt, slik at ein kan få forståing av landskaps-samanhangen steinalderbusetnaden inngjekk i. Dei verneverdige områda er konsentrert til ei område aust – vest om lag midt på, seier fylkeskonservatoren, og legg til at han har møtt ein open og interessert kommune.

Vindeneskvarven
Vindeneskvarven er det andre store området i Fjell med mange steinaldertufter og automatiske freda kulturminne. I det pågåande arealplanarbeidet er det høglydt diskusjon om kva status området bør ha i framtida. Ekerhovd er ikkje i tvil:

– Vindeneskvarven viser ein viktig landsskapssamanhang, og lar seg vanskeleg kombinera med industriutbygging. Området vil vera ein veldig, veldig viktig ressurs som kjelde til oppleving og bruk for dei som skal bu i Fjell i framtida, seier han.

– I framtida vil det verta stor knapphet slike område. Område som gjev tilgang til sjø, og som har like stort historisk tidsdjup. Slik eg ser det, bør Vindeneskvarven tilretteleggjast for framtidig opplevingar, på same måte som Byfjella i Bergen, seier fylkeskonservatoren.

Kommunereforma
Den påtenkte kommunesamanslåinga skal gje dei nye storkommunane nye oppgåver, kunngjorde kommunalminister Sanner like før helga. Kommunane skal og få større handlefridom når det gjeld arealplanlegging.

For oss som har opplevd Fjell kommune sin framferd i kampen om Straumsundet, framstår dette som ein svært dårleg ide?

– Om kommunen får større ansvar, bør han ha større fokus på kulturminne i reguleringsarbeidet. Vera oppteken av å balansera ulike interesser, ikkje berre næring og bustad. Ein kommunedelplan for kulturminne vil vera ein viktig reiskap i den nye rolla. Hordaland fylkeskommune vil framleis vera med som rådgjevar, seier Ekerhovd.

– Sjølv om argumentet for utbygginga i Straumsundet var å knyta kommunesenteret til sjø, må ein passa seg så ein ikkje øydeleggja det som alt er, seier han og grøssar.

– Eksisterande stadskvalitetar bør framhevast snarare enn å sprengja dei vekk. Vis meg den kommunen som har like store landskapsressursar som Fjell å ta vare på, utfordrar fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd.

Les også:
Gamle Straumsbru – fylkeskonservatoren tilrår vern gjennom bruk

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.