Gamle Straumsbru – fylkeskonservatoren tilrår vern gjennom bruk

Gamle Straumsbrua er eit fint kulturminne, men det treng ikkje hindra ei framtidig utviding av brua, seier fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd til Tunnelsyn.no.

Gamle Straumsbru mellom Bildøy og Straume er eldste køyrebrua i Fjell, og ei av få i Hordaland med heve- og senkje-funksjon på brulemmen for at båtar med høge master skal kunna passera.

per morten ekerhovd_portrett web
– Vern gjennom bruk kan ofte vera den beste måten å ta vare på kulturminner, seier fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd.

Treng utbetring
Tankane om framtida til brua er mange. Nokon vil riva, andre vil verna. Alle er likevel samde om at brua treng utbetring skal ho vera tenleg for dagens behov; breiare køyrebane og vidare siglingslei står øverst på ønskjelista.

Alle initiativ ha så langt stranda på argumentet om at brua er verna.

Fylkeskonservatoren ser ikkje noko poeng i at brua skal stå som i dag til evig tid. Han er i dette tilfellet mest oppteken av å få til ei teneleg løysing for vern gjennom bruk.

Unik bru-funksjonalitet
Så framt den unike bru-funksjonaliteten med heve- og senkjefunksjon vert ivareteken, og prinsippet med steinkonstruksjon vert bevart, vil det vera mogeleg å utvida både køyrebreidda og siglingsleia for å få til ein god og tidsmessig bruk av brua, seier Ekerhovd.

Les også:
Kulturminna sin beskyttar
Straumsundet må gjenopnast som farlei

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s