Kulturminne-oversikt fjerna frå arkivet på Rådhuset

Oversikten over gamle bygg i dei mest utbyggingsutsette bygdene på Litle Sotra er fjerna frå arkivet på Rådhuset. Mangelen på informasjon om mogelege kulturminne kan ha påverka utforminga av reguleringsplanar og godkjenning av byggjesøknadar.

SEFRAK-registeret (Sekretariat for registrering av faste kulturminne) inneheld informasjon om naust, løer og bustadhus i Fjell kommune reist før 1945. Registeret, som inneheld ein omtale av dei einskilde bygga illustrert med bilete, vart samla inn i åra 1977 til 1989. Over 2200 bygg vart registrert.

Etter å ha levd eit anonymt tilvære i lang tid, kom registeret i offentlegheita sitt søkjelys i samband med den ulovlege rivinga av direktørbustaden i Mustadhagen i Knarrevik.

Påverka reguleringsarbeid
Når kommunen får inn eit utkast til ein reguleringsplan, eller ein byggjesøknad som omfattar eigedomar med SEFRAK-registrerte bygg, tilseier rutinane at Teknisk avdeling skal rådføra seg med kultursjefen om kva verneverdi dei einskilde bygga har. Viser det seg at bygget har verdi som lokalt kulturminne, vil det kunna påverka utfallet av reguleringsarbeidet eller byggjesøknaden.

Bad om innsyn
Tunnelsyn.no bad om innsyn i den informasjonen SEFRAK-registeret inneheld for Straume. Det viste seg at desse mappene ikkje fantes i arkivet på Rådhuset. Dei har heller ikkje late seg spora internt på Rådhuset i ettertid.

Informasjon om gamle bygg på Straume er registrert under Brattholmen skulekrins, saman med informasjon om gamle bygg på Snekkevik, Arefjord, Ebbesvik, Gavlen og Bildøy. Heile dette informasjonsgrunnlaget manglar.

Ein rask gjennomgang av arkivet viste at også oversikten over gamle bygg på nabogardane Foldnes og Våge er fjerna frå arkivet.

Utbyggingstruga

Grunnleggjande informasjon om kulturminne i dei mest utbyggingstruga bygdene på Litle Sotra finst ikkje tilgjengeleg på Rådhuset for konsultasjon i regulerings- og byggesaker.

Kor lenge denne informasjonen har vore fråverande, og kva konsekvensar det kan ha fått, er det for tidleg å seia noko konkret om.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s