Gravrøys på Vindeneskvarven fekk formen tilbake

På Vindeneskvarven har arkeologane denne veka restaurert ei 2000 år gammal gravrøys. Steinkista i røysa var siste kvilestaden til ein som kan ha vore ein tidleg Strila-hovding, og kan no sjåast av folk som går tur i området.

Gravrøysa ligg for seg sjølv på ein ås på austsida av Høybøen. Herifrå ser ein over til tre andre gravrøyser på vestsida av Høybøen. Alle gravene er frå Romertida.

Denne hella har dekka fotenden av steinkista. No skal ho tilbake på plass.
Denne hella har eingong dekka det ein trur var fotenden av steinkista. No skal ho tilbake på plass.

Sentral person
Vi veit ikkje kven det er som er gravlagt her. Då vestlandsklimaet fører til at beinrestar forvitrar relativt raskt, veit vi ikkje eingong om det er mann eller kvinne. Uansett kan vi gå ut frå at vedkomande var ein sentral person i si samtid, seier spesialrådgjevar og arkeolog Solveig Lohne Rongved hos fylkeskonservatoren i Hordaland Fylkeskommune.

Restaureringa er første tiltak i eit omfattande skjødsel-prosjekt i regi av fylkeskonservatoren i Hordaland, og skal gjennomførast i fleire tak utover våren og sommaren.

Dei første Europearane
Høybøen og området rundt ber spor etter dei første Europearane, heilt frå den eldre steinalderen 9000 – 10000 år tilbake i tid, og fram til garden vart avfolka etter Svartedauen. Den historiske verdien vert understreka av at Høybøen ligg i eit tilnærma urørt landskap, slik at ein kan oppleva den lune og sikkert fiskerike vika som fekk dei til å slå seg ned akkurat her.

– Området er eineståande, ikkje berre i Hordaland, fortel arkeolog Søren Diinhoff ved Universitetet i Bergen, som samarbeider om restaureringa.

Skjødsel-prosjekt
Gravrøysa vart først graven ut i 1977. Etter nær 40 år var det på høg tid å fjerna omkringliggjande vegetasjon og setja på plass att steinar som hadde dotte ned eller blitt flytta.

Sånn, då er dekkhelle komen tilbake dit ho eingong låg.
Sånn, då ligg dekkhella støtt der ho opphaveleg låg.

Røysa med steinkista i midten framstår no tydeleg i terrenget.

Då eg vitja staden, var arkeologane travelt opptekne med å buksera dekkhella over det som truleg var fotenden av grava, tilbake på sin opphavelege plass.

Dekkhella som låg over hovudenden måtta dei først leita etter i terrenget, men også den vart funnen.

Møysommeleg oppgåve
Å tilbakeføra sjølve steinkista i røysa til slik arkeologane først fann ho, har vore ei møysommeleg oppgåve. Stein måtte leggjast på stein, slik at konstruksjonen vart stabil.
Det var heller ikkje tilfeldig kva stein som vart lagt kvar. I dette tilfellet hadde arkeologane god hjelp av fotografisk dokumentasjon frå den første utgravinga.

– Det er viktig å vera varsam når ein restaurerer kulturminne så ein ikkje legg på tolkingar ein ikkje har belegg for. Ein skal ikkje «pynta» på kulturminne berre for å gjera dei finare. Føremålet med restaureringa er å gje folk eit mest mogleg autentisk inntrykk av kulturminnet slik det har vore i forhistoria. I dette tilfellet var det nyttig med den dokumentasjonen me hadde frå utgravinga, seier Solveig Lohne Rongved.

Les meir:
Kulturminna sin talsmann

Helgeturen: Vindeneskvarven og Høybøen

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.