Vindeneskvarven og Høybøen

Påskeveka med alle sine fridagar oppfordrar til å ta på gummistøvlane og gje seg ut på oppdagarferd i Sotra-landskapet. Vindeneskvarven og Høybøen er ein stad dei fleste har hørt om, men ikkje opplevd.

På Høybøen, neset vest mot sundet mot Solsviklandet, finst det spor av dei eldste Europearane. Her budde det folk frå eldre steinalder for 9000 – 10000 år sidan og fram til garden vart avfolka under Svartedauen. Framleis stikk mellomaldertuftene frå dei siste busetjarane opp av lyngen. Staden er eineståande, ikkje berre i Sotra-målestokk.

Nordsjøløypa
Ein naturleg start på turen er snuplassen ved grendahuset på Vindenes. Gå 50 meter tilbake langs vegen, og ta inn til høgre. Starten på løypa er merka med ein blå N for Nordsjøløypa.

Stien går gjennom urørt 1000-årig Sotra-landskap, over opne lyngheiar, svaberg og vasstrukne myrar. Skiltinga er ikkje å skryta av, men du kan følja fotefar etter folk mest heile vegen.

Gravrøysa med steinkista i midten ligg no som då ho første vart utgravd i 1977.
Gravrøysa med steinkista i midten ligg no som då ho første vart utgravd i 1977.

Gravrøys
Går du raskt, vil du treffa på første sporet etter historisk busetnad etter ein halv time. På åsen på vestsida av øya ligg ei 2000 år gammal gravrøys frå Romartida som nett er restaurert. Kven som vart gravlagt her, veit vi ikkje. Vi veit ikkje eingong om det var ein mann eller ei kvinne. Grava med steinkista i midten må uansett ha vore laga for ein person som stod sentralt i si samtid.

Svartedauen
På andre sida av vika ligg Høybøen. Før svartedauen låg det ein stor gard med mange hus her. Steingardane vi ser liggja spreidd i landskapet, er rester av hustufter frå den tida.

Steingardane i bakgrunnen er hsutufter frå tida like før Svartedauen. Entusiastisk arkeolog Solveig Lohne Rongved hos fylkeskonservatoren i Hordaland orienterer om skjødselprosjektet som skal gjennomførast i vår og i sommar.
Steingardane i bakgrunnen er hustufter frå tida like før Svartedauen. Entusiastisk arkeolog Solveig Lohne Rongved hos fylkeskonservatoren i Hordaland orienterer om skjødselprosjektet som skal gjennomførast i vår og i sommar.

Mange av hustuftene og den steinlagte oppkoma er overgrodd av lyng og brakje. Når skjøtselprosjektet til fylkeskonservatoren i Hordaland er fullført utpå sommaren, vil hustuftene framstå tydelegare i landskapet. Det vil og koma skilting.

Usikker framtid
Diskusjonen går høgtlydt om framtida til Vindeneskvarven. Mange meinar halvøya vil vera ein naturleg stad å utvida hamne- og forsyningsbasen på Ågotnes. Korleis ei slik utbygging eventuelt kan kombinerast med ivaretaking av dei historiske minnesmerkja etter tidlegare generasjonar er ikkje avklart.

Best å få på deg gummistøvlane medan landskapet framleis ligg her urørt.

Les meir om Vindeneskvarven og kulturminna der:
Gravrøys på vindeneskvarven fekk forma tilbake
Kulturminna sin talsmann

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s