Nydyrkaren

Nær 200 mål med ny, dyrkbar jord, det er kva John Kjell Fjeld håpar å få ut av all steinen som vert til overs i dei mange sperng-og-lag-by-prosjekta kringom i kommunen.

På Kleivane, i det føreslegne landbruksbeltet på vestsida av fylkesvegen mellom Fjell og Ulveseth, har bonden iverksett eit av dei største tiltaka for bakkeplanering og overflatedyrking som er blitt gjort i kommunen, nokongong.

Steindeponi

Den underliggjande steinfyllinga er på stadar inntil 25 meter djup.
Den underliggjande steinfyllinga er på stadar inntil 25 meter djup.
Så langt er 150 mål med myr, lyngmark og skrint beiteland blitt fylt på med stein, grus, sand og mold tilkjørt frå ulike utbyggingsprosjekt. Lastebillass på lastebillass med stein – mange tusen i alt.

Ned mot Fjella-vassdraget, i utkanten av anlegget, øynar vi dimensjonane: Det som i dag framstår som flate slåttemarkar, var ein gong eit furete kystlandskap som er blitt jamna ut med steinfyllingar som på stadar er inntil 25 meter djupe.

Samarbeidstiltak
Tiltaket er resultatet av eit samarbeid med Bjørnar Transport AS, dotterselskapet Fjelltippen AS som trong ein stad å lagra all steinen, og landbruksavdelinga i Fjell kommune.

I staden for berre å kjøra steinen i eit steindeponi, eller dumpa han i næraste sund, har transportselskapet inngått avtale med bonden på Kleivane. Dei er også ansvarleg for opparbeidinga av jorda.

Produksjonstilskot
For å kvalifisera til godkjenning for produksjonstillegg som dyrka jord, må det øvste laget med matjord vera minst 1,20 meter djupt. Kravet er at det må vera pløyedjup over dreneringsgrøftene.

Jorda treng tid å setja seg. Noko mindre stein finst framleis att. Han må fjernast. Ikkje minst må jorda gjødslast godt. Fire – fem år vil det ta før området er klart for full produksjon, reknar bonden.

Største jordet er på 70 mål. I bakkant har John Kjell Fjeld behalde ein steinknaus. Det får ikkje sjå ut som på Austlandet!
Største jordet er på 70 mål. I bakkant har John Kjell Fjeld behalde ein steinknaus. Det får ikkje sjå ut som på Austlandet!
Ikkje som på Austlandet
Største jordet er 70 mål stort.

– Eg insisterte på å behalda ein og annan steinknaus i utkantane. Ville ikkje at det skulle sjå ut her som på Austlandet, smiler Fjeld.

Gullvinnar
På ein flate ned mot Fjedla-vassdraget er det blitt plass til ein ridebane. Området har Sotra Trav og Hestesportlag fått leiga på 10-årsbasis.

– Så slepp dei å driva øvingskøyring i vegen. Det har verken hestane eller bilane godt av, seier Fjeld.

Ta gjerne ein kikk på hestane du køyrer forbi – det kan vera gullvinnaren på travbanen som går der fredeleg og beitar.

-Alle vil ha stein
Fjeld sjølv har ikkje betalt eit øre for oppgraderinga av heimejorda. Å betala for eit slikt omfattande nyryddingstiltak er utenkjeleg. Utan tilgang på store overskotsmassar med stein frå dei mange ubyggingsprosjekta kringom i kommunen, ville dette ikkje ha blitt noko av, er Fjeld tydeleg på.

– Noko nydyrking hadde det nok blitt, men i langt mindre målestokk, og berre der landskapet låg til rette for det, seier Fjeld.

– Det er mangel på stein i kommunen. Alle vil ha stein, oppsummerer Fjeld som også er leiar for landbruksnemnda i kommunen.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s