Her budde det ein gong ti familiar

Dei nye herskarane på Straume har nytta den stille veka til å riva rekkehuset i krysset Sartorvegen – Bildøyvegen.

Nokon av dei som budde i Straume sentrum då slaget om Straumeplanen pågjekk hausten 2006.
Nokon av dei som budde i Straume sentrum då det første slaget om Straumeplanen pågjekk hausten 2006.

Langfredag er det lite som vitnar om at rekkehuset som vart bygd på 1980-talet, ein gong huste 10 familiar.

Demonstrasjon utanfor rådhuset hausten 2006.
Frå demonstrasjonen utanfor rådhuset hausten 2006. Alt den gongen vart det åtvara mot traffikkaos i området som følgje av planen.

Rivinga er ein konsekvens av den inderleg forhatte Straumeplanen. Straume Sentrum skulle fortettast. 15 familiar i rommelege, tidsmessige bustadar i god stand måtte vekk. I staden skulle den kommersielle utbyggjaren som også sat i kommunestyret, får lov til å byggjar blokker.

Ein mardraum
For dei som ein gong budde her, har Straumeplanen utarta seg som ein politisk triller, verre enn dei kunne førestella seg i sine verste mardraumar.

Straumeplanen vart utarbeida av Sartor Holding i tett samarbeid med Hans Jakob Roald og Aud Raknem i Fjell kommune, og kjørt gjennom politisk med Høgre og Sotra Lista i posisjon.

Måtte vika for Sartor Holding sine planar om blokker.
Måtte vika for Sartor Holding sine planar om blokker. Eit tidsmessig bygg i god stand.

Innbyggjarane på Straume kjempa mot det vi klarte.

20150403 restane av rekkehuset
Berre restane av det tidlegare rekkjehuset i Sartorvegen stod att langfredag.

Redda av kommunen
Salget av husvære i den framtidige blokka har gått tregt. Etter eit knapt år på marknaden er berre 23 av dei 43 leilighetane seld. Ved å kjøpa ti av einingane redda Fjell kommune prosjektt – samstundes viste politikarane innbyggjarane på Straume kor lite dei er til å stola på.

Advertisements

8 Comments

  1. Det er skremmande at private utbyggjarar kan planleggja riving av andre norske borgararar sine heimar, og at det blir godkjent av våre folkevalde, Kor er det blitt av den private eigedomsretten då?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s